Fann hund dumpa i søppelkonteinar

Søndag vart ein hund funnen dumpa i ein søppelkonteinar i Aurland. – Moralsk forkasteleg, seier Anne-Johanne Bjordal frå Dyrebeskyttelsen.

Hund i container, Aurland

DUMPA: Kvinna som fann den dumpa hunden fortel at den var ganske stor og likna på ein Golden Retriever.

Foto: NRK-tipsar

Etter publisering har det dukka opp nye opplysningar i denne saka. Det var ikkje ein hund, men ein utstoppa sel som låg i konteinaren.

Kvinna som tipsa om hunden i konteinaren ynskjer å vere anonym, men fortel til NRK at det var sonen på 12 år som først oppdaga hunden då han skulle leggje ein søppelpose i konteinaren.

Porten omtalte saka først.

container, Aurland

FUNNEN HER: Det var i denne konteinaren den dumpa hunden vart funnen.

Foto: Arne Veum

– Sonen min er glad i dyr og synest dette var veldig ekkelt, seier ho.

Kvinna synest det er trist å finne dyr på denne måten.

– Sånn skal det absolutt ikkje vere. Enten får ein grave ned hunden eller sende den til veterinær.

Kvinna fortel vidare at ho har meldt dumpinga til politiet.

– Det er heilt hjarterått, sa den anonyme tipsaren til avisa Porten.

– Moralsk forkasteleg

Anne-Johanne Bjordal frå Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane er opprørt over at nokon dumpar dyr på denne måten.

Anne Johanne Bjordal

UVERDIG: – Dette er ikkje ei verdig avslutning på eit liv, seier Anne Johanne Bjordal i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

– Dette er sjølvsagt moralsk forkasteleg. Det handlar om verdigheit, og kva haldning vi har til levande liv, seier ho.

Bjordal lurer på om det er hundeeigaren sjølv som har lagt hunden i konteinaren.

– Viss du gjer dette mot din eigen hund lurer eg på kva relasjon du har hatt til dyret. Dette er ikkje ei verdig avslutning på eit liv.

Hundar blir lettare oppdaga

Live Kleveland i Dyrevernalliansen fortel at det kvar einaste sommar blir funne både levande og døde dyr dumpa, men at det stort sett er kattar, kaninar og smågnagarar.

Live Kleveland

DYREVERNALLIANSEN: Live Kleveland krev haldningsendring.

Foto: Dyrevernalliansen

– Det verkar som at folk har litt meir respekt for hundar. Kanskje fordi hundar lettare kan gje beskjed ved å bjeffe, og på denne måten bli redda av vitne.

Kleveland krev ei haldningsendring i befolkninga.

– Det er ulovleg å sette igjen dyr i hjelpelaus tilstand, fastslår ho.

– Bruk og kast-haldning

Bjordal i Dyrebeskyttelsen har ikkje opplevd at hundar har blitt dumpa på denne måten i Sogn og Fjordane før.

– Med kattar skjer det dessverre ofte. Det er ikkje uvanleg, seier ho.

At nokon vel å dumpe kjæledyra sine på denne måten vitnar om ei bruk og kast-haldning til dyrehald, meiner Bjordal.

– Sjølv om eg veit at mange tenkjer slik, kan eg ikkje forstå det. Om du har eit dyr er du jo glad i dyret, og då tenkjer eg at det er naturleg å gje det ei verdig avslutning.