Hopp til innhold

Denne ubedne gjesten fann vegen til Merete sin garasje

Det er ikkje alle du vil ha besøk av i garasjen, særleg ikkje denne gjesten.

Hoggorm i garasjen til Merete Støfring på Vassenden

SJELDAN GJEST: Denne hoggormen gjesta garasjen til Merete Støfring og familien på Vassenden fredag.

Foto: PRIVAT

Fredag hadde Merete Støfring samla saman treningsutstyret og var på veg til fotballtrening, då ho oppdaga hoggormen.

– Eg sette bagen og ballnettet i bagasjerommet på bilen, lét att døra og gjekk inn for å skifte sko. Det tok eit par minutt. Då eg kom ut att, låg der ein hoggorm i garasjen, fortel ho.

– Vanlegvis når eg går i skogen, tenkjer eg på det. Det er eg opplært til fordi vi har orm rundt oss. Men akkurat når det var i garasjen kjende eg det litt i kroppen, for eg likar eigentleg ikkje hoggormane. Eg ropte på mannen min, og bad han sjekke bagen min om der kunne vere fleire ormar, ler Støfring.

40 år sidan sist

Det er i vårmånadene april-mai hoggormen vaknar til liv etter å ha vore i vinterdvale. Men hos Merete Støfring og familien har det ikkje dukka opp fleire ormar i hus eller garasje. Støfring seier dei er vande til å ha orm rundt seg der dei bur på Vassenden, men ikkje så nært inn på tunet.

– Eg har ikkje sett orm på tunet på 40 år. Då eg var liten unge var der ein hoggormunge på tunet, men det er det einaste eg har sett. Det er første gong vi har hoggorm i garasjen. Når det berre er to meter til inngangsdøra, trur eg ikkje den døra kjem til å stå open, seier Støfring.

Merete Støfring

VANDE: Merete Støfring seier dei er vanda til orm i marka, men ikkje så nær inn på tunet på Vassenden. – Eg har ikkje sett orm på tunet på 40 år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg trur både vi vaksne og ungane kjem til å bli flinkare til å late igjen døra heretter.

Vel nærgåande

Støfring trur ormen kan ha kome krypande inn i garasjen, eller ha blitt teken med ein av fugl.

– Han er ikkje farleg viss du ser han i god tid. Det å finne han i garasjen og kanskje tenkje at han kunne valt å gå inn i gangen, er ikkje så kjekt, seier ho.

Hoggormen var ifølgje Støfring ikkje av dei største, ho tippar det er snakk om ein fjorårsunge på kring ein halvmeter.

Kjem du til å sjå deg ekstra godt rundt neste gong du skal på trening?

– Ja, eg kjem til å tenkje på det ei god stund. Eg forventa kanskje å finne orm på bøen og i skogen, men ikkje i garasjen. Akkurat i garasjen var ei litt ekkel oppleving, det var litt for nærgåande.

Den uventa garasjegjesten var likevel ikkje særleg tidleg ute. Allereie 12. mars observerte ein turgåar orm på Nordeide i Høyanger.