Hopp til innhold

Fann fleinsopp under narkoaksjon

Politiet gjekk fredag ettermiddag til aksjon mot ei privat adresse i Førde sentrum, etter mistanke om at det føregjekk sal av narkotika frå bustaden. – Vi fann hasj, tablettar og fleinsopp, i tillegg til ein del pengar. Det styrkar mistankane om at det har gått føre seg sal av narkotika, seier regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske. To personar vart avhøyrd på staden, men førebels er ingen arrestert. Politiet skal etterforska saka vidare. Firda har også skrive om saka.