Hopp til innhold

Fann E.coli-bakterie i Sognemorr

Folkehelseinistituttet seier dei har funne E.coli-bakteriar i Sognemorr frå Terina i Sogndal, opplyser Mattilsynet. Kjøtet kjem frå slakteria i Førde og på Tynset.

Gilde spekemat er mulig kilde for E.coli
Foto: Ståle Andersen / Scanpix

Nina Sundqvist
Foto: Erik Johansen / Scanpix

- Eg er lei meg for at det er Gilde i Sogndal som er kjelda til E.coli-smitten. Samstundes er eg letta over at saka er oppklart, seier kommunikasjonsdirektør Nina Sundquist i Gilde til NRK Sogn og Fjordane.

Kjøtet kjem frå Førde

Kjøtet som vert brukt i spekepølsa frå Gilde sitt dotterselskap Terina i Sogndal kjem frå slakteriet i Førde.

- Noko kjem også fra slakteriet på Tynset, men ikkje noko av råstoffet stammar frå slakteriet på Rudshøgda, seier Sundquist.

Driftssjef Jacob Sætre ved Gilde Vest sitt slakteri i Førde seier dei avventar situasjonen. Han har ikkje fått beskjed om å setje i verk ekstraordinære tiltak som følgje av at anlegget leverer kjøt til Terina.

Terina sitt anlegg i Sogndal.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sikre i si sak

På ein pressekonferanse onsdag ettermiddag opplyste Mattilsynet at den farlege E.coli-bakterien, no er funnen i to uopna pakkar med Gilde Birkebeiner Sognemorr. Spekepølsa er produsert ved fabrikken i Sogndal. Det er førebels ikkje gjort funn på dei andre to pølsetypane.

- Vi er sikre på at dette er smittekjelda. Den er no påvist i Sognemorr, men bakterien finst truleg også  i Gilde Birkebeiner Fjellmorr og Gilde Haugpølse, seier Preben Aavitsland, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, til VG Nett.

Fabrikken framleis stengd

Sidan måndag har Mattilsynet hatt mistanke om at spekepølse herifrå er årsaka til E.coli-utbrotet. Måndagen vart fleire tonn med Gilde Birkebeiner Sognemorr, Gilde Birkebeiner Fjellmorr og Haugpølse trekte tilbake frå butikkane. Same dagen vart produksjonen stoppa slik at fabrikken kan vaskast og desinfiserast.

- Når fabrikken kan opne igjen er heilt avhengig av analyseresultata, seier distriktssjef i Mattilsynet i Indre Sogn, Merete Lunde, til NRK Sogn og Fjordane.

- Ingen spekepølse i butikkane

Omsetningsforbodet av dei tre typane spekepølse vert oppretthalde inntil vidare, opplyser Mattilsynet.

14 born har dei siste vekene vorte sjuke av den farlege bakterien. Eitt av borna døydde.