NRK Meny

Fann død mann i sjøen

Ein eldre mann vart måndag kveld funnen død i sjøen ved Furuholmen båthamn i Florø. Det melder Firdaposten. Det er uvisst kor lenge personen hadde lege i sjøen då tilfeldig forbipasserande oppdaga han. Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt seier til avisa at det ikkje er noko som tyder på ei straffbar handling.

Vegopning på Bergum i Førde kommune