NRK Meny
Normal

Fann dei to siste personane vandrande i røykhavet

På det aller siste søket fann røykdykkarar to personar då det brann i den over seks kilometer lange Fjærlandstunnelen.

Tunnelbrann

NULL SIKT: For brannmannskapet frå både Sogn og Jølster var det tøffe forhold inne i Fjærlandstunnelen. Det fortel varabrannsjef i Jølster kommune, Arve Dvergsdal.

Foto: OLE ANDRÈ REKKEDAL / NRK

– Vi måtte gjere ei tøff vurdering før vi tok sjansen på å gå inn. Det er avgrensa kor mykje luft ein har, så vi måtte vite at vi skulle ha luft nok til å komme ut igjen. Vi gjorde ei vurdering på at det var folk inne i tunnelen. Då måtte vi berre komme oss inn med tre røykdykkarar, seier Arve Dvergsdal som er varabrannsjef i Jølster kommune.

Kjensla av at det framleis var folk inne i tunnelen var for sterk. Brannmannskap frå både Jølster og Sogn visste at det handla om liv eller død.

– Vi sa at vi må gjere eit forsøk. Vi visste at mannskap frå Sogndal var på andre sida, men samtidig skulle dei sløkke brannen, så det var ikkje sikkert at dei ville komme forbi feiebilen som brann, seier Dvergsdal.

Røyken låg tett og grå. Sikta var nær null. Situasjonen var uoversiktleg. Det er då jobben til brannmannskapet startar.

– Vi brukte kvitstripa på asfalten for å lede oss innover. Eit røykdykkarkamera letta søket, så gleda var stor då vi trefte på to personar inne i tunnelen, fortel Dvergsdal.

Tunellbrann

HER KOM ALLE UT: Frå Jølster-sida av tunnelen kom tretten personar ut av tunnelen. Alle blei sendt til sjukehus med røykskadar.

Foto: OLE ANDRÈ REKKEDAL / NRK

– Dette må vere ei tøff påkjenning.

I alt tretten personar kom seg ut av brannen.

– Dei var veldig glade for å sjå folk. Då visste personane at dei ville bli geleida ut frå brannen og til tryggleik, seier Dvergsdal.

Alarmsentralen kunne fortelje at personar sprang i alle retningar då brannen oppstod. Den tjukke røyken sette folk ut av spel, meiner Dvergsdal.

– Når panikken kjem er det lett å gå ut av bilen, heller enn å sitte i bilen. Her i tunnelen var røyken så tjukk at ikkje alle viste kva slags retning dei gjekk i.

Korleis var tilstanden til desse personane?

– Dei var medtatt. Heldigvis har det gått bra etter det som er sagt frå sjukehuset. Dei som var lengst inne i tunnelen før vi fekk lokalisert dei, var lenge inne. Dette må vere ei tøff påkjenning, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.