Hopp til innhold

Fann brot hos 40 prosent av dyrehalda

Mattilsynet har så langt i år funne 17 tilfelle av alvorleg vanskjøtsel på gardsbruk på Vestlandet.

Kyr

ULIKE BROT: Mattilsynet har oppdaga mange ulike typar brot på dyrevelferda. Dette biletet er frå eit tidlegare besøk Mattilsynet gjorde på Gildeskål i Nordland.

Foto: Anita Borkamo / NRK

Det betyr at det er bønder som ikkje har teke godt vare på dyra sine, slik at dei har hatt det vondt, og i dei verste tilfella stått i fare for å døy.

– Vi har funne alvorleg vanskjøtsel i 17 dyrehald. Kvart av desse tilfella er trist for dyra og veldig alvorleg. Det er viktig at vi følgjer dette opp slik at det blir bra igjen, seier regiondirektør Ole Fjetland i Mattilsynet.

Han seier dei har undersøkt 2090 aktørar som driv med dyrehald frå Agder til Sogn og Fjordane i dei første åtte månadane i år.

– Vi har funne større eller mindre brot på regelverket i 40 prosent av dyrehalda. Dette er brot på alt frå forhold som kan føre til at dyr kan komme til å li seinare, eller at det er alvorleg vanskjøtsel.

Kjem ofte umeldt

Inspektørane dukkar stort sett opp utan å ha gitt beskjed om dette på førehand.

– Då finn vi kanskje manglar som vi ikkje vil finne om vi gir beskjed på førehand.

Han seier at om dei oppdagar at dyra ikkje har fått nok vatn eller for, så sørgjer inspektørane for å rette opp i dette.

– Deretter vurdere vi kva reaksjon vi skal gi for å hindre dette i framtida.

– Er det snakk om dyr som er veldig svoltne eller held på å døy?

– Vi finn alle grader. Når vi er på tilsyn går vi der det er størst fare for at dyr lir. Dette er faglege vurderingar som blir gjort frå stad til stad.

Dei fleste forstår

Han presiserer at resultata frå tilsynet difor ikkje er representative for bransjen eller dyrehaldet i Noreg, men for dei mest risikoutsette dyrehalda.

Fjetland seier dei fleste har forståing for at jobben til inspektørane er naudsynt.

– Vi ser at mange forskjellige reaksjonar, men dei aller fleste forstår det, seier han.

Slik er statistikken frå 1. januar til 31. august for Mattilsynet i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder:

  • Dei fekk 2078 bekymringsmeldingar på dyrevelferd. Dette er ein auke på om lag 21 % samanlikna med same periode i fjor
  • Det blei gjennomført tilsyn med dyrevelferda i 2090 dyrehald, både innan produksjonsdyrehald og kjæledyrdyrehald
  • Det blei avdekka større eller mindre brot på regelverket i 39 % av disse dyrehald. Det vil seie 818 dyrehald
  • Det blei registeret alvorleg vanskjøtsel i 17 av dyrehalda. Dette utgjer 0,8 prosent av tilsyna dei gjorde
  • Det blei gjort vedtak om at 14 dyrehaldarar måtte avvikle dyrehalda sitt.
  • Vedtak om forbod mot aktivitet i 16 dyrehald
  • 10 dyrehald fekk overtredelsegebyr
  • Det blei gjort vedtak om bruk av springande tvangsmulkt i 29 dyrehald