Hopp til innhold

Fann bjørnespor i Luster

Bjørnen som laurdag vart observert i Skjåk, har no komme til Sogn og Fjordane.

Bjørnespor i Skjåk

PÅ VEG VESTOVER: Bjørnen har til og med gått gjennom isen på ferda vestover frå Syrtbyttdalen i Skjåk.

Foto: Erling Dagsgard, viltnemnda

Rovviltkontakt Einar Fortun i Luster har vore i fjellet for å leite etter spor.

– Vi fann spor etter bjørnen ved Styggevatnet. Det er ikkje så langt frå der dei såg han på laurdag frå Skjåk-sida, berre omlag fem kilometer i luftlinje.

– Kvar trur du bjørnen har teke vegen?

Det såg ut til at den har gått sør-vestover frå vatnet, i retning Vetledalen og fram mot eit område der det eit hi som vart brukt for tre-fire år sidan.

Fortun trur at bjørnen framleis er i fylket. Men han fryktar ikkje at den skal oppsøke område der det bur folk.

– Dersom det er slik eg trur, at bjørnen har gått mot hiet, så vil den halde seg i nærleiken av der den vil liggje i vinter.