Hopp til innhold

Fann bil liggjande på taket - mistenkjer promillekøyring

Ein mann i 20-åra er mistenkt for promillekøyring etter at bilen han køyrde vart funnen, liggjande på taket på fylkesveg 616 ved Ålfoten i Bremanger.

Bil hamna på taket

OPPNED: Bilen fekk store skadar etter uhellet.

Foto: NRK-tipsar

– Vi kjenner førebels ikkje til om mannen er skadd, men han får tilsyn av kunnig personell. I tillegg må han bli med for å få teke ei utvida blodprøve, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes.

Trafikkuhellet vart meldt like før klokka 07.30.

– Føraren av bilen er ikkje eigaren av bilen, men vi har førebels ikkje informasjon som tyder på at bilen er stolen, seier Hatlenes.

Forbipasserande punkterte

Det var ingen vitne til sjølve hendinga.

– Bilen ligg på taket, delvis ute av vegen, men litt inne i vegbana. Det er sett opp varseltrekant, men det er ein del glasbrot i vegbana. Ein forbipasserande har allereie punktert. Vegtrafikksentralen er varsla, så dette vil bli teke hand om raskt, seier Hatlenes.

Bilberging er bestilt, og det er mogleg vegen vert stengd nokre minutt medan bilberging pågår.