NRK Meny
Normal

Fann både 100.000 kroner og narkotika hos sunnfjording

Sunnfjordingen handla hasj i Oslo og dyrka marihuana heime. No må han i fengsel – og blir 100.000 kroner fattigare.

Fjordane Tingrett

ARKIVFOTO: Ein sunnfjording er dømd til fengsel i ti månader for kjøp, sal, dyrking og bruk av narkotika.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 40-åra la alle korta på bordet og erkjende straffskuld for alle narkotikalovbrota politiet kunne bevise han hadde gjort frå november 2013 til desember i fjor.

Belønninga vart ti månader i fengsel.

Selde ein kilo hasj

Det siste lovbrotet var også det mest alvorlege. Før jul i fjor kjøpte mannen til saman to kilo hasj i Oslo. Litt over ein kilo av dette selde han vidare til andre.

For to år sidan beslagla politiet til saman 17 marihuanaplantar heime hos mannen. Kvar plante gir mellom 30 og 40 gram tørka marihuana. Ut frå det samla kvantumet meinte Fjordane tingrett at saka innebar ei ikkje ubetydeleg spreiingsfare.

Sunnfjordingen stadfesta langt på veg dette, då han også erkjende å ha eit stort nettverk av kjøparar. Han erkjende også å ha brukt narkotika.

– Det er utvilsamt at den tiltalte i alle tilfelle har bidrege til spreiing av hasj/marihuana ved sal. Dei allmennpreventive omsyna trekkjer difor klart i retning av ei lengre fengselsstraff utan vilkår, skriv dommarfullmektig Hanne Katrine Mundal.

Fann 100.000 kroner

Til frådrag i fengselsstraffa kjem seks dagar då mannen var varetektsfengsla. Om ikkje det var nok med fengselsstraffa, tek politiet hand om ei lang rekkje brukarutstyr og utstyr nytta til dyrking av marihuanaen.

I tillegg får politiet beslaglegge 103.800 kroner som dei fann heime hos mannen, sjølv om mannen hevda at berre 90.000 kroner stamma frå narkotikasal.

– Den sikta har vedgått sal av narkotika for beløp som overstig det beslaglagde beløpet, skriv Mundal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.