NRK Meny

Fann avføring som kan kome frå ulv

Ulven som har teke lam i Sunnfjord er framleis ikkje felt. Leiar for fellingslaget, Arve Aarhus, seier det har kome melding om ein observasjon av ulv i Høgelia i Gaular natt til søndag. Folk frå beitelaget fann avføring som er sendt til analyse. – Elles har det vore stilt, seier Aarhus. Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn seier at observasjonen er usikker, men at prøvane skal analyserast.

Ulvejakt i Flora
Foto: Fredrik Helland / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune