Hopp til innhold

Fann att stolen bil i sentrum

Den sølvgrå golfen som vart meldt stolen i Sogndal sentrum tidlegare i kveld, er no funnen att.

Sogndal

Bilen vart funnen att i Sogndal sentrum.

– Ingenting skal mangle i bilen, og nøklane var også der, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Eigaren av bilen skal ha parkert utanfor ein butikk og vore inne eit ærend. Då han kom ut att nokre minutt seinare, var bilen vekk.

Ber folk låse bil og hus

Politiet gav tidleg beskjed til mannskapet på ferjene både i Balestrand-sektoren og på Mannhiller-Fodnes om å halde utkikk etter bilen.

Ole Tom Nord ved operasjonssentralen rår folk på generell basis til å låse både hus og bilar når ein forlèt dei.

– Det er ein billeg forsikring. Då har ein iallfall gjort det ein kan, seier Nord.