Hopp til innhold

Fann att godkjensla, men mislukkast i rennet

Anders Fannemel har ikkje fått det til i konkurranse så langt i den tysk-austerrikske hoppveka. Men framfor rennet i ettermiddag er han optimist.

VERDENSCUPÅPNING HOPP STOR BAKKE, RUKA

HÅPAR PÅ TO GODE HOPP: Anders Fannemel fekk til tre gode hopp i kvalifiseringa i går.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

For i kvalifiseringa i går kveld smelte han til med 139 meter og var mellom dei beste. Ein framgang som gjer at han gløymer 43.-plassen frå Innsbruck.

– Eg gler meg skikkeleg til rennet. Det var ein god dag for meg i går, då hoppinga endeleg funka. Dette er ein flybakke, og det er veldig morosamt å hoppe her. Det har vore litt stanging mot veggen i alle bakkane til eg kom hit, så å få til tre hopp ned mot bakkestorleiken var ei god oppleving.

Langt under pari så langt

Årets hoppsesong har langt frå gått på skjener for mannen bak verdas lengste skihopp. Så langt i verdscupen er 12.-plassen den beste plasseringa til Anders Fannemel. Honndølen som gjekk inn i sesongen med mål om å kjempe blant dei ti beste, er så langt nummer 26 i samandraget.

Ei plassering blant dei 20 beste så langt i år er historisk dårleg start på verdscupen for Fannemel. Både i 2012-13 og 2013-14 hadde han fem plasseringar blant dei 20 beste på dette tidspunktet. 2014-15 er den beste med 11 topp-20-plasseringar ved slutten av hoppveka.

– Synd det er siste rennet

Han vedgår at sjølvtilliten hoppmessig framleis ikkje er på topp, men at dei tre hoppa i går hjelper på.

– Eg håpar å få ut det i dag og. Det er eigentleg litt synd at dette er siste rennet i hoppveka, for eg fann ikkje forma før i går. Men eg gler meg til resten av sesongen.

– Har du sjanse på topp 10 i dag?

– Eg håpar på to bra hopp, så får vi sjå kva det held til resultatmessig, seier hopparen frå Hornindal.