NRK Meny
Normal

Politiet aksjonerte etter tips – fann hasj på stovebordet

Mannen kom til sognebygda med 16 gram metamfetamin i bagasjen. Det var det siste av fem tiltalepunkt mannen no er domfelt for.

Norges lover

DØMD: Eit tidlegare sambuarpar er i Sogn tingrett dømd for oppbevaring, sal og bruk av narkotika.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Det var ikkje første gang mannen i 30-åra møtte i tingretten for brot på narkotikalova.

Og han vedgjekk langt på veg at det truleg ikkje ville vere siste gang.

– Samla sett viser dette ein manglande vilje til å slutte med kriminalitet, skriv dommarfullmektig Kristine Celius om mannen sin uttale om at han «nok aldri kjem til å slutte med å røyke hasj».

Aksjonerte etter tips

For hasj var stikkordet for tiltalepunkta mannen no er domfelt for i Sogn tingrett. På tiltalebenken sat også hans tidlegare sambuar, ei kvinne i 20-åra.

Saka starta i fjor haust då politiet aksjonerte etter tips. I bustaden til paret fann politiet 33 gram hasj som var porsjonert opp på stovebordet.

Paret hevda dei kjøpte store kvantum til eige bruk, ettersom dei då sparte pengar.

Avviste sal

Politiet fann også to hasjplantar og brukarutstyr. Begge erkjende oppbevaring og bruk av narkotika, samt forklarte at dei laga hasj til eige forbruk.

I tillegg var mannen tiltalt for å ha selt hasj til fleire personar i sognebygda. Mannen avviste dette, retten festa lit til til dels detaljerte forklaringar frå fleire av kjøparane hans.

Til Sogn med metamfetamin

Lovbrota strekkjer seg frå vårparten i fjor til mars i år, då mannen kom til bygda med 16 gram metamfetamin i bagasjen.

I politiavhøyr vedgjekk mannen kjennskap til det ulovlege stoffet.

I tingretten avviste han dette og hevda det måtte ha blitt med ved eit uhell, eller at nokon plasserte det der under bussturen. Retten festa ikkje lit til denne forklaringa.

Frifunnen for skadeverk

Paret stod også tiltalt for skadeverk på bustaden dei budde i. Dei erkjende at skadane skjedde medan dei budde der og sa seg villige til å betale for det. Derimot avviste skadane vart gjort med vilje.

Paret vart frifunne for skadeverket, men mannen vart dømd til å betale 2.000 kroner til huseigaren.

Som felles straff med ein tidlegare dom vart mannen dømd til fengsel i sju månader.

Retten vurderte kvinna som motivert til å endre livsstilen sin, og dømde henne til fengsel i 30 dagar, med prøvetid på to år. Ho må også betale 5.000 kroner i bot.

Begge får fem dagar varetektsfengsel til frådrag i straffa si.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.