Hopp til innhold

Her stryk fisken med i hopetal

Langvarig kulde har ført til fiskedød i Fortunselvi i Sogn. – Det er veldig trasig at dette skjer, seier medlem av Sogn Villaksråd, Olav Hermannsen.

Fiskedød i Fortunselvi

DAUD: Dette biletet vart teke ved Øyane i Fortunselvi.

Foto: Privat

Det er Sogn Avis som i dag skriv om fiskedauden i ein tørrlagd del av Fortunselvi.

For kulden stoggar alt tilsig, og ved Øyane døyr fisken som følgje av mangel på vatn.

– Det var kritisk laurdag, dagen etter var det for seint, då låg det strødd med daud fisk, seier Leidulf Veka, som bur i nærleiken, til avisa.

Fann 100 daude fiskar

Veka seier til Sogn Avis at fenomenet er stadig tilbakevendande. Vatnet sig ned i elvebotnen og medfører at elva meir eller mindre er tørrlagd over ei strekkje på eit par kilometer.

Kring 200 meter frå stader der ein ny kraftstasjon er planlagd, vart det i helga funne kring 100 daude fiskar.

– Fortunselvi har frå gamalt av vore ei god fiskeelv, no er den regulert og utan krav om minstevassføring. Difor blir store område liggjande tørt om vinteren, seier Olav Hermannsen, medlem av Sogn Villaksråd, til NRK.no.

Rogn og yngel utsett

Utbygginga Hermannsen siktar til skriv seg 50–60 år attende i tid.

– Og då tok ein ikkje omsyn til miljøet som ein ville gjort i dag, seier han. I dag blir det sett krav om minstevassføring ved stort sett alle kraftutbyggingar, seier han til NRK.no.

– Når det er bra vassføring går han fram i fremste delen og gyter. Om vinteren blir området tørt. Då trekkjer dei store fiskane ned, og rogn og yngel er veldig utsett for å bli øydelagt, held Hermannsen fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leidulf Veka plukkar daud fisk i Fortunselvi.

DAUD FISK: Leidulf Veka plukkar daud fisk i hopetal ved Øyane i Fortunselvi.

Foto: Privat

Skal reviderast

Veka seier til Sogn Avis at vassdraget skal opp til revisjon innan 2017 og meiner det er eit høve for å få inn minstevassføring i elva.

Hermannsen meiner utbyggjar Hydro og NVE i samarbeid bør komme fram til korleis elva best mogeleg skal bli teken vare på.

– Både laks og sjøaure har mange truslar, mellom anna oppdrettsnæringa, så ein burde ta vare på det ein har i elva. I alle fall legge forholda best mogeleg til rette for det, seier Hermannsen til NRK.no.

Etterlyser tiltak

– Eg meiner ein bør tette elvebotn med duk eller på annan måte, og så må ein ha krav om minstevassføring, avsluttar han.

Overfor Sogn Avis stadfestar Oddgeir Steinheim i Hydro Energi at dei ikkje har krav om minstevassføring i denne delen av elva.

Også han tykkjer det er trist at sideelvane som skal forsyne Fortunselvi med vatn, er frosne.

Fortunselvi er nærast tørrlagd ved Øyane.

TØRRLAGD: Frosne sideelvar gjer at eit område på eit par kilometer er tilnærma tørrlagd.

Foto: Leidulf Veka