Hopp til innhold

Vil lokke turistar og utflytte heim med nordlys og vakker natur

To unge filmskaparar har fanga vakker natur i Gloppen på film. Natt til torsdag oppdaga dei vakkert nordlys.

Iver Heen Ask

SATSAR PÅ FILM: Iver Heen Ask frå Gloppen har brukt mykje tid ute i naturen den siste tida.

Foto: Privat

Iver Heen Ask (20) og kameraten Sondre Utheim (19) var ute for å fange stjernehimmelen på film på Utvikfjellet. Dette er ein del av filmprosjektet deira.

Ask seier han ikkje visste at det skulle vere nordlys i natt.

– Det var flott å sjå på og det bevega seg ganske raskt på himmelen. Etter kvart køyrde vi til Våtedalen for å sjå på nordlyset, seier han.

Skal vise den vakre naturen

Heilt sidan mai har Ask halde på med å filme naturen i heimkommunen Gloppen. 20-åringen er frå Sandane og har som mål å lage ein film som viser skiftet i naturen.

– Eg fekk med meg Sondre som er frå Hyen. Vi har gått på medielinja på Firda vidaregåande i lag og har stor interesse for foto og film.

Målet er å få filmen klar til desember. Den skal sendast til ulike filmfestivalar og Ask håper også å få vist den i si heilskap på kinoen på Sandane.

– Vi vil vise fram den vakre naturen vi har. Eg trur at det vil ha effekt på dei som har flytta vekk frå Gloppen og på turistar, fortel han.

Oppe mange netter

Mesteparten av tida deira går med til prosjektet. Det har blitt mange soloppgangar og solnedgangar i det siste, og fleire turar til dei høgste toppane i Gloppen.

– Eg var ikkje i seng før halv sju i dag tidleg. Vi skal også ut i natt for å filme stjernehimmelen med såkalla timelapse.

Filmen har dei så vidt starta å klippe og den lengste versjonen skal bli ein halvtime

– Vi håper folk skal få ei god-kjensle når dei ser den, seier han.