Hopp til innhold

Fanga morderisk piggsvin på film

– No forstår eg kvifor piggsvinet har svin i namnet, seier Stine Marie Jonstad. Ho filma eit spesielt møte mellom piggsvin og frosk.

Laurdag kveld fekk Elisabeth Vasseth Antonsen og Stine-Marie Jonstad seg ei lita overrasking då eit piggsvin i hagen i Holmedal begynne å ete på ein frosk.

VIDEO: Sjå kampen mellom piggsvinet og frosken.

– Vi sat i hagen og hadde ein idyllisk og fredeleg kveld. Så la vi merke til piggsvinet som tusla rundt i busken og sat og såg på det ei stund, seier Stine Marie Jonstad.

Saman med vennegjengen skulle ho nyte midtsommarnatta i hagen i Holmedal. Dei vart plutseleg vitne til ei noko spesiell kamp på liv og død. Piggsvinet skulle snart vise seg å ikkje vere så søtt og uskuldig som dei først trudde.

– Plutseleg kom ein frosk og piggsvinet gjekk frå å vere søtt til å bli ein killingmachine, fortel Stine Marie Jonstad.

Piggsvin spis frosk

SVOLTEN: Piggsvinet fekk aldri has på frosken.

Foto: NRK-tipsar

Jonstad tok opp kamera og filma kampen mellom piggsvinet og frosken.

– Dei heldt på i seks-sju minutt. Det var ein brutal kamp. Synd eg ikkje hadde lyd på filmen. Eg skjønnar no kvifor piggsvinet har svin i namnet for det kom nokon voldsame gryntelydar frå det. Frå frosken kom det knaselydar. Det var ganske ekkelt.

Det heile enda med at piggsvinet gav opp.

– Piggsvinet stakk til skogs, medan frosken hoppa vidare. Det såg ikkje ut som om den hadde så store skadar, seier Jonstad.