Hopp til innhold

Fanga Merkur-passasjen på foto

Det er rekna for å vere årets høgdepunkt for entusiastane. For Runar Sandnes og borna vart Merkur-passasjen måndag ettermiddag akkurat slik dei håpte.

Merkurpassasjen sett frå Reed i Gloppen

KLATTAR PÅ SOLA: Slik såg det ut når Merkur la seg til framfor sola. Her ser ein heile solskiva, med Merkur som den mørke rundingen til venstre litt nedanfor midten.

Foto: Runar Sandnes

Runar Sandnes

SIDAN BARNDOMEN: Runar Sandnes har arva fascinasjonen for stjerner og planetar frå bestefaren.

Foto: Privat

– Merkur passerer framfor solskiva. Det skjer 12–13 gonger per hundreår, så det er kanskje ikkje så sjeldan fenomen, men det er ganske langvarig. Det er spesielt, seier Sandnes til NRK

Tok drygt sju timar

Merkur er den inste planeten i vårt solsystem. Normalt vil den passere under eller over sola, sett frå vår synsvinkel.

– Men av og til passerer den rett over sola. Då vil ein sjå den som ein silhuett mot sola, forklarer Sandnes.

Han er sjølv utdanna geolog, men jobbar som fotograf og er langt over snittet interessert i astronomi. Måndag rigga han seg til heime på Reed i Gloppen med ein kikkert dei færraste oss har i vindaugskarmen.

Eivind (4) ser Merkurpassasjen

FEKK SJÅ: Eivind (4) fekk studere fenomenet i pappas teleskopkikkert.

Foto: Runar Sandnes

Fenomenet starta klokka 13.12, noko som var dårleg timing for Sandnes som var på jobb til 16. Men til alt hell brukar Merkur tid på å passere sola, det heile var ikkje over før om lag klokka 20.40. Dermed vart det nok av tid til å få studert fenomenet.

Håpar interessa smittar over på borna

Saman med sonen på fire og dottera på to rigga entusiasten seg opp med både teleskop og kamera.

For dei er teleskopet like interessant, men det er no noko med det. At dei faktisk klarer å sjå at det er sola og at dei klarer å identifisere paletten. Så får vi sjå når dei blir vaksne kor mykje dei får med seg av det, ler Sandnes.

Merkurpassasjen sett frå Gloppen

LANGT UNNA, MEN TETT PÅ: Teleskopet brukt under fotograferinga har ei brennvidde på 1900mm. Utsnittet viser Merkur (nedst) og ei litt større solflekkgruppe.

Foto: Runar Sandnes

Sjølv fekk han i si tid interessa for astronomi frå sin bestefar. Med om lag 33 år att til Merkur-passasjen igjen blir like lett å sjå, kan han jo håpe at noko av interessa smittar vidare.

– Eg vart påverka av min han, så det er ein sjanse.

Dagens oppleving lever Sandnes uansett ei god stund på.

– Ofte så skjer dette når sola er i ferd med å gå opp eller ned. No kunne ein få med seg heile hendingsgangen mens sola var synleg midt på himmelen. Det er ein astronomisk kuriositet for oss som er litt ekstra interesserte, fastslår hobbyastronomen.