NRK Meny
Normal

Fanga julelynet kvelden før julestormen

Etter fleire dagar med julelyn fekk Harald Mikal Halvorsen blinkskotet han var ute etter.

Lyn på Hafstadfjellet, Førde

BLINK: Fotografen sjølv såg ikkje lynet, men kameraet skaut blink på eigahand, og fanga lynnedslaget i TV-sendaren på Hafstadfjellet.

Foto: Harald Mikal Halvorsen

Sjølv om romjulsstormen «Urd» ikkje har treft vestlandskysten enno, har det lenge vore lågtrykk med mykje vind, regn og torevêr. Og 1. juledag fekk Harald Mikal Halvorsen fanga eit heilt spesielt motiv i Førde i Sogn og Fjordane: eit lynnedslag i toppen på TV-sendaren på Hafstadfjellet 706 meter over havet.

– Eg såg ikkje lynet sjølv før eg såg gjennom bileta på kameraet etterpå. Eg såg berre blinken, og så fanga kameraet det sjølv, seier han.

– Flaks

Klokka fem over åtte, på kvelden 1. juledag, skaut Halvorsen blink. Han er hobbyfotograf, når han ikkje jobbar på sjøen som fiskar. Når dei fleste er inne og knekker nøtter, er Halvorsen ute og leiter etter gode naturmotiv.

– Eg treng å ha noko å gjere på når eg har fri, seier han.

Og då han høyrde at det byrja å brake ute, gjekk han ut på altanen og sette opp kamerastativet.

– Det har vore torevêr i to-tre dagar no, men det var berre flaks at det kom akkurat då. Som regel når eg har kome på plass med kameraet, så har torebya gått forbi.

Men denne gongen vart det heilt perfekt, og heldigvis hadde han sikta den rette vegen.

Lynsesong på Vestlandet

Det er akkurat no ein kan fange mange slike motiv på Vestlandet. Rundt juletider er det "stormsesong", og då får ein mykje torevêr.

– Det blir ofte torevêr når det kjem byger inn frå havet. Der ute er der relativt varmt samanlikna med på land, og då stig lufta slik at dette skjer, seier statsmeteorolog Aurora Stenmark.

2. juledag er det venta sterk storm på Vestlandet sør for Stad, og då kan ein, i tillegg til torevêr, få med seg vind og bølger. Men sjølv om det kan vere spennande å få med seg, blir ein på det sterkaste oppmoda til å halde seg innandørs.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser