Hopp til innhold

Fanga «religiøst» motiv med mobilen

Fjellturen til Veten i Måløy vart nesten ei religiøs oppleving for Siw Grethe Rindalsholt. Ho knipsa nemleg eit blinkskot av dei sjeldne.

Halo

BLINKSKOT: Ser du personen i skya?

Foto: Privat

– Eigentleg såg eg det ikkje med det same. I det eg nærma meg toppen såg eg skodda kome veltande, og eg vart merksame på nokre flotte fargar, seier Rindalsholt.

Ho meiner det er sola som reflekterte i Veten.

– Eg syntest at det var så fantastisk at eg heiv opp telefonen og tok eit bilete.

Ho anslår at synet berre varte nokre få sekund.

– Hadde eg venta fem – seks sekund så hadde det vore over. Skodda dreiv heile tida, og løyste seg opp, og berre nokre sekund etterpå var skodda vekk, seier Rindalsholt.

Optisk fenomen

Ved vêrvarslinga på Vestlandet kan vakthavande meteorolog, Martin Granerød, fortelje at dette er eit ganske vanleg optisk fenomen.

– Det kan sjå ut til at personen som har tatt biletet har stått med sola bak, og at det er skuggen til fotografen som kjem midt i ringen, seier Granerød.

Martin Granerød

OPTISK FENOMEN: Martin Granerød er vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Han forklarar fenomenet med at sollyset vert brote av iskrystallar som svevar i skyer eller skodde.

– Det er eit vanleg optisk fenomen. Ofte, dersom ein får eit tynt skylag nedanfor sola, kan ein sjå det same. Det kallast ein halo, som ein ser som ein ring rundt sola. Dette er noko tilsvarande. Eller som ein regnboge, der ein har sola bak seg og då får ein slike fenomen, som syner seg som ringar eller bogar, seier Granerød.

Mange tilbakemeldingar

– Eg syntest dette var skikkeleg stilig at sola stod så lågt, at eg klarte å få meg sjølv inn i regnbogeringen. Det var nesten ei religiøs oppleving, seier Rindalsholt.

Etter at ho la biletet ut på Facebook har ikkje reaksjonane lete vente på seg.

– Det har vore heilt enormt. Eg ser jo at dette kan vere noko folk reagerer på, for det er ikkje ofte at «vanlege folk» klarar å ta slike blinkskot. Vanlegvis er det profesjonelle fotgrafar både har blikk for slike ting, og gjerne ventar på gode motiv, seier Rindalsholt.