Hopp til innhold

Famlande Fannemel får det ikkje til i bakken

Det blei ei svak verdscup-helg på Lillehammer for Anders Fannemel.

Anders Fannemel i Lysgårdbakken etter prøvehopp

Anders Fannemel fekk det ikkje til på heimebane på Lillehammer.

Foto: Rune Fossum / NRK

– For min del gjekk det ikkje så bra, eg slit litt teknisk i konkurransehoppa mine og då blir det ikkje så artig, seier Fannemel.

Laurdag enda 24-åringen som nummer 41 etter eit hopp på 87 meter. Med 108, 4 poeng var han eit hav bak vinnaren Severin Freund.

Gjorde justeringar

Men om hoppinga laurdag var nedslåande for Fannemel, skulle sundagen vise seg å bli verre. Trass i endringar i teknikken, mislukkast han i kvalifiseringshoppet, og var siste hoppar som ikkje kom med i ettermiddagens renn i Lysgårdsbakken.

– Eg prøvde å endre sittestillinga i tilløpet til i dag, og det fekk eg eigentleg til og. Men når eg kom til hoppet så køyrde eg same bevegelsesmønster som laurdag, men frå ein annan posisjon, og då fungerte det ikkje.

– Famlar du litt no med å finne rette teknikken?

– Det kan du godt seie når eg ikkje klarar å bli betre enn i dag, men det har fungert bra på trening. Men så missa eg litt i 90 metersbakken i går og i dei to-tre hoppa eg har fått denne helga.

Håpar å lukkast i Russland

På onsdag reiser Fannemel til Russland, og håpar å lukkast betre der enn han gjorde denne helga på heimebane.

– Då får eg nye sjansar til å ta meg saman, eg må berre jobbe vidare.