NRK Meny
Normal

Familien: Veldig vanskeleg å ikkje vite

Politiet jobbar vidare og held korta tett til brystet i Veronica-saka. I mellomtida ventar familien framleis på svar.

Funnstaden ved Barsnesfjorden

VANSKELEG: Familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet har det svært vanskeleg, og ventar framleis på svar på kva som skjedde. Blomar, kosedyr og lys ved funnstaden ved Barsnesfjorden vitnar om ei stor sorg etter dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det at dei framleis ikkje veit kva som har skjedd er veldig vanskeleg for dei, seier bistandsadvokaten til familien, Synne Øren.

Synne Catrin Øren

ADVOKAT: Synne Catrin Øren representerer familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Synne Catrin Øren / NRK

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død fredag 14. november, etter å ha vore sakna frå heimen sin i Årøy i Sogndal i nær tre veker.

– Dei er letta over at ho vart funnen, slik at dei fekk gjeve ho ei fin og verdig gravferd fredag, seier Øren.

Fryktar at noko kriminelt har skjedd

Søndag 16. november stadfesta politiet at den døde kvinna var Veronica, og same dag rykte krimteknikarar frå Kripos inn og gjorde nye undersøkingar i og ved huset der Veronica budde.

NRK har tidlegare fortalt at Veronica skal ha blitt utsett for vald og trugslar. Trugsmåla og valden ho vart utsett for skal ha kome frå eit belasta miljø i Sogndal. Politiet har ikkje villa kommentere dese opplysningane, men har heile vegen presisert at ingen har status som noko anna enn vitne.

Bistandsadvokaten seier det er vanskeleg for familien å vente på svar, og at dei fryktar at noko kriminelt har skjedd.

– Dei fryktar sjølvsagt det, seier Øren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veronica Heggheim Stegegjerdet

BARSNESFJORDEN: Kva skjedde med Veronica Heggheim Stegegjerdet før ho vart funnen død i Barsnesfjorden? Det spørsmålet slit både politiet og familien med.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

Vil ikkje kommentere fengsling

Førre veke vart ein person sikta for falsk forklaring i saka, og varetektsfengsla i 10 dagar Seinare har det kome fram at politiet ville eigentleg ville fengsle mannen i fire veker, og har anka til Gulating lagmannsrett.

Fungerande regionlensmann Asle Karoliussen viser til påtalejuristen, og vil ikkje kommentere varetektsfengslinga. Han vil heller ikkje få nærare inn på siktinga.

Asle Karoliussen

FUNGERANDE LENSMANN: Asle Karoliussen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Han er berre sikta for falsk forklaring for vitneavhøyret han gav. Vi meiner det ikkje er riktig. Vi kan ikkje gå i detaljar på kva det er vi ikkje meiner er riktig, seier Karoliussen.

Heller ikkje familien vil kommentere fengslinga.

– Dei har fått vite kven det er, men dei har ikkje noko kommentar utover det, seier bistandsadvokat Øren.

Politiet held korta tett til brystet

Politiet har halde korta tett til brystet under etterforskinga. Familien, som fleire gonger har sagt seg nøgde med informasjonen frå politiet, får heller ikkje vite mykje.

– Familien får ikkje vite så veldig mykje meir enn det pressa får vite, og det er noko vi aksepterer fordi vi ønsker at etterforskinga skal gi svar, seier bistandsadvokat Øren.

Og politiet held framleis korta tett til brystet. Fungerande regionlensmann Karoliussen seier politiet framleis jobbar breitt, og med heile sakskomplekset. Det inkluderer elektroniske spor.

Han meiner det er naudsynt for etterforskinga at politiet er tilbakehaldne med informasjonen til pårørande og presse.

– Det er viktig for oss å få informasjonen vi treng utan at han er påverka av andre opplysningar som har kome fram rundt saka og hendinga. Då får vi vurdere kva som er viktig og ikkje viktig. Klarar vi å gjere det slik har vi også ein større moglegheit til å få klarlagt kva som faktisk skjedde, seier Karoliussen.

Politiet har ikkje fått den endeleg obduksjonsrapporten.

– Det er uvisst når obduksjonsrapporten kjem. Det vil nok ta litt tid å få han på plass. Vi veit ikkje kva tid han kjem, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.