NRK Meny
Normal

Bistandsadvokaten: Familien til Veronica har det veldig tøft no

Seint i går kveld fekk familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet svaret dei både hadde venta på og frykta.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNNSTAD: I dette området vart Veronica funnen død fredag ettermiddag. Både politiet og familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet ventar på svar frå obduksjonsrapporten.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

– Familien har hatt tre vanskelege veker med uvisse og er letta over at Veronica no er funnen, seier bistandsadvokat Synne Catrin Øren.

I dag stadfesta nemleg politiet at kvinna som vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal på fredag var Veronica Heggheim Stegegjerdet, som hadde vore sakna sidan tysdag 28. oktober, og sist vart sett laurdag 25. oktober.

– No går familien inn i ein ny fase der håpet om å finne ho i god behald er borte. Det smertar å sjå korleis familien har det no. Dei har det veldig tøft og er i djup sorg, seier bistandsadvokaten til omkomne Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Ventar på svar

Omfattande leiteaksjonar og politietterforsking har følgd i vekene etter forsvinninga. Kripos har bidrege både i Sogndal og med obduksjonen.

På fredag, medan familien og politiet enno venta på svar på om det var Veronica som vart funnen i Barsnesfjorden, uttalte Øren at det vanskelegaste var å ikkje vite.

– Dei håpar å få svar på kva som har skjedd. Uavhengig av dagens funn er det framleis fleire spørsmål enn svar, sa Øren.

Det står fast i dag, for i dag vart berre identiteten kjent, obduksjonsrapporten er førebels ikkje klar eller offentleggjort.

– Dei har ikkje fått svar på kva som har skjedd. Dei håpar å få svar på kva som har skjedd, og ventar på svar frå obduksjonen, seier bistandsadvokat Øren.

Familien har fått tilbod om hjelp frå kriseteam, men har ikkje ønskt det så langt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veronica Heggheim Stegegjerdet

KØYRER VEKK: Det som skal vere Sogn gravferdshjelp sin bil køyrer vekk frå funnstaden fredag ettermiddag.

Foto: Christian Blom

Nøgde med politiet

Dermed må dei vente til obduksjonsrapporten frå Gades institutt, der to teknikarar frå Kripos hjelper til, er klar og politiet offentleggjer rapporten.

– Dei forheld seg til ei kvar tid til informasjonen dei får frå politiet, seier Øren.

Ho legg til at familien er nøgde med politiet.

– Det er dei. Dei føler seg godt teke i vare av politiet og har til ei kvar tid fått god informasjon.

Når det gjeld NRK sin informasjon om at Veronica skal ha vorte utsett for vald og trugslar, seier bistandsadvokaten at familien også når det gjeld dette håpar på svar.

– Det er ukjent for familien. Dei kan verken stadfeste eller avkrefte det. Dei vil at politiet tek det med seg det vidare, og ventar på om det kan stadfestast.

Bistandsadvokat Synne Catrin Øren om situasjonen for familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Bistandsadvokat Synne Catrin Øren om situasjonen for familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet. Reporter: Stine Kyrkjebø Johansen. Foto: Ole Andre Rekkedal.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå