Hopp til innhold

Trippeldrapssikta nektar framleis avhøyr – «Ei stor tilleggsbelastning for familien»

Nær seks veker etter trippeldrapet på Valdresekspressen, er den sikta 30-åringen framleis ikkje avhøyrd. Det kjem som ei enorm tilleggsbelastning for familien til ein av dei drepne, Margaret Molland Sanden.

Maria Kirkeeide Ravnå

VANSKELEG: Bistandsadvokat for familien til Margaret Molland Sanden, Maria Kirkeeide Ravnå, fortel at familien har ei tung tid etter trippeldrapet.

Foto: Arkiv / Christian Blom / NRK

– For familien så vert det opplevd som veldig frustrerande at han ikkje vil forklare seg. Dei føler det også til dels provoserande. For dei er det ei tilleggsbelastning å vente på om han vil gje forklaring veke etter veke, seier Maria Kirkeeide Ravnå.

Ho er bistandsadvokat for familien til Molland Sanden, og understrekar at dette er noko som opptek familien mykje.

– Ja, det er noko som opptek dei mykje. Forklaringa hans er naturleg nok svært sentral og viktig. Det er jo ein del ting som det er berre han som kan svare på, av dei spørsmåla som står att, seier Ravnå.

Vert ikkje gjort nye forsøk fredag

Familien har håpa i det lengste at den sikta vil bidra til å gje dei svar og opplyser saka.

– Det betyr jo veldig mykje for dei, seier Ravnå.

Den sikta vart ikkje avhøyrt torsdag, og det kjem ikkje til å bli gjort forsøk på å avhøyre mannen fredag.

Dermed har det gått nesten seks veker utan at den 30 år gamle sørsudanaren har vore villig til å forklare seg om dei tre drapa som skjedde på Valdresekspressen kvelden 4. november.

Valdresekspressen var på veg frå Årdal til Tyin då bussjåføren Arve Kvernhaug og dei to passasjerane Margaret Molland Sanden (19) og Brahim Khouya vart drepne med kniv.

Vil så gjerne ha svar

I byrjinga var det helsemessige årsaker som låg til grunn for at mannen ikkje kunne avhøyrast, men dei siste vekene har ikkje dette vore ein grunn. Men asylsøkjaren har rett og slett nekta å gi forklaring i saka, noko han etter norsk lov har rett til.

At familien no vert gåande veke etter veke, utan å få svar på dei spørsmåla som dei sit med, kjennest vanskeleg.

– Det er forferdeleg vanskeleg og utan tvil ei stor tilleggsbelastning. Det er klart at for dei så er det viktig å vite kva som har skjedd, og det vert vanskeleg å seie det heilt sikkert utan at han gjev forklaring, seier Ravnå.

Ho fortel at familien er uroa for at saka ender med at den sikta ikkje kjem til å bli avhøyrt i det heile.

– Ja, det er dei. Dei har jo håpa i det lengste. Dei har jo hatt forhåpningar no i fleire veker. Men er klart at no når det har gått så lang tid, så blir ein redd at ein ikkje får den, seier Ravnå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Valdresekspressen der tre personer ble drept

NÆR SEKS VEKER: Det er snart seks veker sidan tre menneske vart knivdrepne på Valdresekspressen. Drapet skjedde på Holsbru, mellom Øvre Årdal og Tyin.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Gjer det som står i deira makt

Ho understrekar likevel at familien opplever kontakten med politiet som god, og at dei er nøgde med etterforskingsarbeidet som vert lagt ned.

– Førebels opplever vi det som veldig godt. Vi er godt fornøgde med arbeidet dei har gjort i saka, frå dei starta etterforskinga, seier Ravnå.

Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, stadfestar at politiet slit med å få avhøyrt den sikta mannen.

– Vi vil gjere det som står i vår makt for å få til eit avhøyr, men det er slik at ein sikta i ei drapssak i Norge ikkje har noko plikt til å forklare seg for politiet, seier Løseth.

Han ønskjer ikkje å gå i detalj på kva politiet gjer for å få mannen til å la seg avhøyre, men legg ikkje skjul på at det er svært ønskjeleg for politiet at mannen forklarar seg.

– Det er uheldig. Vi skulle svært gjerne hatt på plass det avhøyret, men vi konstaterer at slik er faktum. Vi har innretta etterforskinga slik at vi uansett skal kunne klare å gjennomføre den på ein god måte, uavhengig av om sikta forklarar seg til politiet, eller ikkje, understrekar Løseth.

Har framleis ting igjen

Han har stor forståing for at familien opplever det som ei stor tilleggsbelastning at den trippeldrapssikta ikkje vil forklare seg i saka.

– Vi forstår veldig godt at dei tykkjer det er ei tilleggsbelastning. Vi skulle svært gjerne hatt den forklaringa på plass, og vi skal gjere vårt yttarste for at så skjer, seier Løseth.

Han ønskjer ikkje å uttale seg om detaljar i trippeldrapssaka eller kva spørsmål dei ønskjer å få svar på hjå tiltalte.

Åge Løseth

HAR FORSTÅING: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, har stor forståing for at den manglande forklaringa til den sikta er ei stor påkjenning for dei pårørande.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi byrjar å komme eit godt stykke på veg i etterforskinga, men vi har framleis ting igjen, seier Løseth.

Han understrekar at etterforskinga går sin gang, sjølv om ei essensiell forklaring manglar.

– Det påverkar ikkje etterforskinga på anna måte enn at vi veit at han må sitje med ein del svar som må vere av betydning for å opplyse saka. Utover det la vi tidleg ein plan for korleis vi skulle drive fram saka, seier Løseth.

Forsvararen vil ikkje kommentere

Politiet tok tidleg høgde for at ein kunne komme i ein slik situasjon, og difor har dei etterforska svært breitt.

– Vi tok høgde for at vi kunne komme i ein situasjon der det ville dryge med forklaring frå sikta, og den planen følgjer vi, seier Løseth.

Han vil ikkje kommentere kor lenge ein vil drive på for å forsøkje å få ei forklaring ut av den sikta mannen, før ein tek ut ein tiltale.

– Dette blir ei konkret og fortløpande vurdering. Men det er klart at på eitt eller anna tidspunkt må det setjast ein sluttstrek, og saka må overleverast til påtalemakta. Ut på nyåret vil det skje, men når kan eg ikkje svare på i dag, seier Løseth.

Forsvararen til den tiltalte sørsudanaren, Fredrik Verling, ønskjer ikkje å kommentere noko som helst i samband med saka.