Hopp til innhold

Familien takksam for all støtte i samband med leitinga etter Veronica (22)

Familien til den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22), er takksam overfor alle som deltek i leitinga etter den sakna kvinna.

Leiteaksjon etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

INGEN FUNN: Store styrkar var laurdag i sving for å leite etter 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet som har vore sakna i to veker.

Foto: Christian Blom

– For familien har dette vore ei vanskeleg tid, samstundes gjer all støtta godt, seier Synne Catrin Øren, som er bistandsadvokat for familien.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SPORLAUST BORTE: 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna i to veker.

Foto: Privat

Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sporlaust vekke i 14 dagar. Siste sikre kontakt med ho var laurdag 25. oktober. Førre helg endra søket status til søk etter ein omkomen person.

Laurdag søkte 90 personar frå hjelpekorpsa i fylket og 43 frivillige gjennom 16 søkjeteigar i Årøy i Sogndal der den sakna budde.

– Vi har ikkje gjort funn i dag i dag heller seier politiførstebetjent Svein Inge Harberg.

Politiet står dermed framleis utan spor som kan forklare kva som har skjedd med den sakna kvinna. Fredag vart det klart at Kripos blir kopla inn i saka.

Då politiet undersøkte bustaden hennar fann dei hunden, katten, bankkortet og mobiltelefonen hennar. Politiet har teke utgangspunkt i kvinna sitt nærområde i søket sitt.

Vanskelege søkeområde

Harberg seier terrenget i området der det blei leita laurdag er svært vanskeleg.

– Det er til dels svært kupert, og vi har fleire stader måtte brukt spesialmannskap som har vore nøydde til å sikre seg godt der dei har leita.

<SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN>

Nær 150 frivilleg deltek laurdag i søket etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet ved Årøy i Sogndal.

SJÅ VIDEO: Nær 150 personar deltek i søket etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet.

I tillegg til søka på land vart det også søkt med båt på Barsnesfjorden.

Her har dei søkt etter Veronica Heggheim Stegegjerdet.

HAR SØKT: Politi og Røde Kors har i to veker søkt etter den sakna i Årøy.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Avsluttar for helga

– Vi avsluttar no søket for helga. Vi vil no ha ein debrifing med leitemannskapa for å forsikre oss om at vi har fått søkt skikkeleg gjennom alle områda vi hadde planlagt. Så får vi gjere ei vurdering på måndag korleis leitinga skal halde fram, seier Harberg.

Synne Catrin Øren

GLADE FOR STØTTE: Synne Catrin Øren er bistandsadvokat for familien til den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22).

Foto: Privat

– Familien opplever at politiet og leitemannskapa har sett inn dei ressursane dei kan, og er svært nøgde med den informasjonen dei har fått under vegs, seier Øren.

Laurdag var familien med ut til området der det blei leita.

– Det var sterkt for familien å sjå alle dei frivillige som deltok i leitinga og dei ynskjer å få uttrykkje si takksemd til alle som deltek.

Politiet oppmodar dei som kan ha tips eller informasjon i saka, om å ta kontakt på telefon 57 75 88 00.