Hopp til innhold

I denne familien har alle bursdag på same dag

Både Vegard og Inger har bursdag 5. februar. For nokre dagar sidan fekk dei sitt første barn. Du kan jo gjetta datoen.

Vegard Nes Olsen, Inger Helgestad og Morten

FEIRA BURSDAGEN PÅ FØDESTOVA: Vegard Nes Olsen, Inger Helgestad og Morten.

Foto: privat

– Inger ringde meg klokka 11 på formiddagen den fjerde og sa at no var ting på gang. «Skal han verkeleg koma den femte?» tenkte eg då, seier Olsen.

Både Vegard Nes Olsen (28) og kjærasten Inger Helgestad (22) er fødde den femte februar. I staden for å kjøpa presangar til kvarandre, pleier dei å reisa på tur i lag for å feira dagen sin.

I fjor reiste dei til London. I år vart det tur til Lørenskog og Akershus universitetssjukehus.

– Me visste han kom til å koma i nærleiken av dagen vår, men me trudde aldri at han skulle koma på sjølve dagen, seier ein stolt, nybakt far.

Seks dagar over

Dei to er frå Sogn, men har budd i Oslo dei siste åra. Då Helgestad vart gravid i fjor, låg alt til rette for at dei skulle få sitt første barn på nyåret, slik dei ønskte seg. 30. januar var termindatoen.

– Me var sikre på at det skulle bli ein januarunge. Men far min var sikker på at det vart den femte februar, seier Olsen.

Vegard Nes Olsen, Inger Helgestad og Morten

STOLTE FORELDRE: Vegard og Inger vart 28 og 22 år på tysdag. Same dag vart Morten fødd.

Foto: privat

Bestefar fekk rett

Morten tok seg god tid, og foreldra tenkte at han vart verande der til han fekk beskjed av legane om at han måtte ut, som etter planen skulle skje den tiande. Men Bestefar Olsen skulle få rett.

– Då me kom til den fjerde tenkte me at det hadde vore gøy om det vart den femte, seier Helgestad.

Morten vart ein perfekt bursdagspresang til foreldra, og kom tysdag femte februar klokka 11.17. Han og foreldra er blitt ein liten snakkis på sjukehuset.

– «Ååh, han har bursdag same dag som mora, det er jo morosamt», seier dei som jobbar her til oss. Men slikt hender jo av og til. Men så spør dei «kva for noko? Faren på same dag også?». Så må dei spørja oss om det faktisk stemmer, seier Olsen.

Vegard Nes Olsen og Morten

STOLT PAPPA: Vegard Nes Olsen og Morten.

Foto: privat

Familiefeiring

No kan den nybakte familien sleppa unna med å baka éi bursdagskake i året.

– Det kjem an på kor mykje bursdagsfeiring det blir på meg og Inger i åra som kjem, for det er vel han som har fått denne dagen no, smiler Olsen.

– Eg må jo nesten spørja, føler de på presset for å treffa same dato dersom de skal ha fleire ungar?

– Det var det, då ... Me har lyst at neste skal koma tidleg på året, men me får kanskje prøva å treffa mars eller april denne gongen, ler Olsen, før han held fram:

– Men det hadde jo vore morosamt at alle fire hadde same dagen.

Inger Helgestad og Morteon

STOLT MAMMA: Inger Helgestad og Morten.

Foto: privat