Hopp til innhold

– Om ungdomen bryr seg, så vinn me klimakampen

SOGNDAL (NRK): Familien Schwörer seglar verda rundt på klimaekspedisjon. For kvart år dei bur i båten, ser dei meir positivt på framtida til planeten vår.

Familien Schwörer på Kaupanger

PÅ KLIMAEKSPEDISJON: Frå venstre: Sabine med Mia (3) på fanget, Dario med Vital (2) på armen, Alegra (8), Andri (12), dei to frivillige Laura Mosel og Lea Müller, og Noé (10).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Verda må gjera endringar menneska aldri har sett maken til for å avgrensa oppvarminga av planeten, har FN slått fast .

Ei gråtkvalt Greta Thunberg (16) hudfletta verdas leiarar for kva dei har gjort for klimaet.

Den britiske professoren Jem Bendell skriv at klimaendringane vil føra til « ein nærståande samfunnskollaps med alvorlege forgreiningar inn i den enkeltes liv ».

Men det sveitsiske ekteparet Dario og Sabine Schwörer er overraskande positive til framtida på planeten Jorda.

– Me vil ikkje gi folk skuldkjensle, eller fokusera på det negative. På desse 20 åra har me funne så mange positive prosjekt, teknologi og folk som verkeleg vil gjera ein forskjell, fortel Dario Schwörer.

Ekteparet har, saman med familien sin og frivillige, segla verda rundt sidan år 2000 på ekspedisjonen TOPtoTOP. Ein ekspedisjon med mål om å informera om klimaendringane, læra om korleis løysa klimautfordringane, å bygga bruer mellom ytterpunkta i klimadebatten og inspirera ungdom til handling.

– Det er dei unge som er framtida vår, og som skal forma planeten vår vidare. Så om me kan få ungdomen til å bry seg – og ikkje la det vera med pratinga – så kjem me til å vinna, seier Dario

Så langt har dei snakka med 130.000 ungdomar i over 100 land.

Pappa Dario Schwörer med borna Mia og Vital

STORTRIVST PÅ SJØEN: Pappa Dario med borna Mia og Vital.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vil inspirera ungdom

Dario jobba som fjellguide i Sveits, og såg kontoret sitt bokstaveleg talt smelta vekk. Då fann dei ut at dei måtte gjera noko for klimaet. Dei stifta organisasjonen TOPtoTOP, og sette seg som mål å gå til dei høgste punkta på kvart kontinent, utan å bruka motor på vegen.

På båten har dei både solcellepanel og vindturbinar som gir dei straum.

– Å kombinera ein ekspedisjon til dei sju toppane ved å reisa på dei sju hav, då har me vore innom alle klima på planeten. Det var målet vårt: å utforska klimaet og miljøet, og inspirera ungdom på vegen til å gjera noko for planeten vår si framtid, seier Dario.

Familien Schwörer i 2009

PÅ TUR I ÅREVIS: Her er familien i 2009.

Foto: TOPtoTOP Global Climate Expedition

Dei har seks born, og alle er fødd i forskjellige land. Eldstejenta Salina (14) går på internatskule, og er den einaste av borna som ikkje bur i båten. Resten av ungeflokken, samt to frivillige som er med på ekspedisjonen, bur på dei 20 kvadratmeterane om bord.

Andri (12) vart fødd i Chile, Noé (10) i Australia, Alegra (8) i Singapore, Mia (3) i Sveits og Vital (2) på Island.

Så langt har dei lagt bak seg over 222.000 kilometer i båt og 20.000 kilometer på sykkel.

– I starten trudde ikkje folk mykje på oss, og me måtte driva mykje med folkeopplysing. No er det ei ny haldning, og me kan me heller snakka om korleis me skal løysa problema, seier Sabine.

– Trur de me klarer å nå FN sitt mål om å avgrensa oppvarminga til 1,5 grader?

Schwörer på Mont Blanc

MONT BLANC: Her er dei på eit av høgdepunkta, bokstaveleg talt, i løpet av ekspedisjonen: Mont Blanc.

Foto: TOPtoTOP Global Climate Expedition

– Det kjem ikkje an på styremaktene eller FN. Det avheng om me klaer artikkrer å endra oss sjølve. Difor syns me det er best å snakka til dei unge, seier Dario.

Overvintrar i Sognefjorden

Planen var at dei berre skulle vera i Noreg i ei veke, før dei skulle sørover, med Senegal som mål. Men då dei kom til Stavanger og besøkte oljemuseet, vart dei overraska.

– Der har dei ei klimaendringsutstilling. På eit oljemuseum! Og då tenkte me «oi, kva er det som skjer her?», men at me er på rett plass. Eg fekk kjensla av at me burde vera meir i Noreg. De kan vera eit døme for andre oljenasjonar for korleis finna vegen inn i ei framtid som er meir berekraftig, seier Dario.

Etter kvart enda dei opp langt inne i Sognefjorden, på Kaupanger. Her skal dei ha base i vinter, medan dei besøker skular for å fortelja om klimaet og sine erfaringar frå årevis på sjøen.

Skulekvardag i TOPtoTOP

SKULEKVARDAGEN I BÅTEN: Andri, Noé og Alegra har, som alle andre born, skulearbeid som må gjerast.

Foto: Sondre Dalaker / NRK