Hopp til innhold

Familie får truleg sikring mot skred

Sogndal kommune håpar å få på plass ein rasvoll ved Skreda i Fjærland. Familien som bur i det utsette området kan pusta letta ut.

Inge og Tone Berge.

APRIL: Eit 400 meter breitt ras tok nesten huset til Inge og Tone Berge.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tone og Inge Berge ser på skredet som nesten tok huset deira.

AVKLARING: Etter å ha vore i møte med kommunen før helga er Inge Berge optimist.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I april i år måtte familien Berge evakuerast, då eit stort snøskred nesten tok huset deira i Fjærland.

Eit 400 meter breitt ras feia forbi nova på huset dei hadde budd i sidan 1995, og familien blei evakuert i ei veke etterpå.

Ekteparet Tone og Inge Berge har lenge ynskt seg sikring av området.

– Vår ynskje er at dette området skal sikrast. Kommunen har plikt til å bidra til trygge buforhold for innbyggjarane, seier Inge Berge.

  • LES OGSÅ:

Møte

Tone Berge

SKREMMANDE: Raset gjekk like ved husveggane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter å ha vore i møte med kommunen før helga er Inge Berge optimist, og han håpar at ein rasvoll skal kunne vere på plass føre vinteren

– Eg var og snakka med kommunen på fredag. Me får satse på at det ordnar seg, seier Berge.

Rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, seier kommunen no har utarbeidd ein plan for rassikring av området som dei har sendt til Noregs Vassdrags- og Energidirektorat, NVE.

Før vinteren

Saka er no til handsaming i NVE. Den planlagde rasvollen er kostnadsrekna til 1,5 millionar kroner og kommunen er avhengig av økonomiske støtte frå NVE. Men også Aanestad seier målet er rassikring før vinteren.

– Etter at dette tiltaket vart valt og me får finansieringa på plass, er vårt håp å få det på plass før vinteren, seier Aanestad.

Om familien ikkje hadde fått lovnad om rasvoll, er Berge klar på kva alternativet hadde vore.

– Me hadde måtte flytta viss det var dårleg vêr, det er eg rimeleg sikker på, seier han.

Snøskred i Fjærland

SNØSKRED: April 2011 ved Skreda i Fjærland.

Foto: Oddleif Løset / NRK