Tanja og Olga Belic
Førre fredag vart det sett utreisedato for den vesle familien frå Moldova. Men dei har ikkje planer om å reise frå Aurland, og mora Raisa Belic er framleis sjuk. Dei to mindreårige jentene i familien bur hos Gjertrud Haaland i Flåm, og ho har ikkje fått signal om at dei vert tvangssendt.
Krev omgjering av vedtak
Avslaget frå Utlendingsnemnda er endeleg, men advokat Sjur Vinje har likevel begjært omgjering av avgjerda på bakgrunn av nye opplysningar i saka. Vinje er for tida på ferie og kan ikkje gå i detalj om desse opplysningane. Det er usikkert om Utlendingsnemnda vil ta omsyn til den nye informasjonen. I prinsippet kan familien bli tvangshenta kor tid som helst, seier Vinje, såframt dei ikkje er alvorleg sjuke.