Familiefar omkom i sykkel-ulykke

40-åringen skal ha vore ein del av eit større reisefølgje då han hamna utfor ein skrent ved Geithusgrovi i Flåmsdalen.

Ulykka skjedde i Flåmsdalen

I FLÅMSDALEN: Den uheldige syklisten skal ha vore ein del av eit større følgje som sykla Rallarvegen i Flåmsdalen. Ulykka skal ha skjedd eit lite stykke nedanfor desse svingane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Politiet sende natt til søndag ut ei pressemelding om at ein mann i 40-åra hadde omkomme i forbindelse med ein sykkel-ulykke.

Dei skal ha vorte varsla om hendinga tidleg laurdag ettermiddag. Helsepersonell var raskt ute, men livet stod ikkje til å berge. Mannen vart erklært død då legen kom på staden.

Familien er varsla

Det var i forbindelse med eit bedrift-arrangement at eit reisefølgje på rundt 70 personar var på tur i Flåmsdalen i går. Ifølgje tenestestadleiar Magne Knudsen, er det ingen som veit korleis ulykka hende.

– Undersøkingar har vorte gjort, men det er vanskeleg å seie no kva som har skjedd då me ikkje har nokon vitne, fortel han.

Knudsen opplyser om at familien til den omkomne 40-åringen har vorte varsla.

Det er venta at politiet vil komme med meir informasjon om hendinga etter at helga er omme.