Huset hans blei skåna under brannen - i dag fekk familien besøk av kongeparet

I dag var kongen og dronninga i Lærdal for å sjå på skadane etter brannen. Mange fekk helse på kongeparet og fortelje om sine opplevingar. Trond Helgås Østerbø og familien fekk kongeleg besøk i stova si.

Trond Helgås Østerbø og resten av familien fekk i dag besøk av kongeparet som var i Lærdal for å sjå på skadane etter storbrannen natt til søndag. Reporter: Kjellrun Lavik - foto: Johan Moen

SJÅ VIDEO: Trond Helgås Østerbø fortel om møtet med kongeparet og om korleis han opplevde natt til søndag. Reporter er Kjellrun Lavik og fotograf er Johan Moen.

– Kongen og dronninga kom på besøk til oss i dag, for dei ville treffe nokon som har vore heldige. Vi er absolutt i den kategorien, seier Trond Helgås Østerbø.

Han og resten av familien var mellom dei heldige som ikkje mista huset i brannen, sjølv om mange hus rundt stod i flammar. Kong Harald og dronning Sonja fortalde at synet som møtte dei i Lærdal var forferdeleg.

– Dei hadde ikkje sett noko liknande og tykkjer det som har skjedd er tragisk. Men dei tykkjer det er kjekt at nokon er heldige oppi det heile, seier han.

Såg himmelen var rosa

Seint laurdag kveld sat sambuaren, broren hennar og Østerbø sjølv i stova og såg ein film. Brått oppdaga dei blålys ute. Då dei kikka ut, såg dei at himmelen var rosa av brannen allereie.

– Vi forstod at det var skikkeleg alvorleg, men hadde ikkje trudd brannen skulle komme hit til oss. Vi snakka om at vi ikkje kunne leggje oss før vi visste korleis det gjekk, men vi forstod raskt at det ikkje var eit tema å gå til sengs, seier han.

Berre små svimerke å sjå

Medan fleire av husa rundt blei tekne av flammane natt til søndag, står huset til Østerbø og sambuaren nesten uskadd.

– Det er bagatellmessig det vi kan sjå på huset vår. Det er litt svimerke på altanen og litt på huset. Det er eit symbol på kor heldige vi har vore. Det har vore små tilløp til brann, men huset står takka vere ein fantastisk innsats får dei som jobba heile natta med å sløkke brannen, seier han.

Brennande gjenstandar flaug gjennom lufta og brannen spreidde seg fort i den kraftige austavinden. Den eine veggen til eitt av nabohuset, er heilt svidd.

– Om det huset hadde byrja å brenne, hadde ikkje mitt hus stått her i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kongeparet fekk sjå brannruinar i Lærdal

STERKE INNTRYKK: Kongeparet fekk omvisning på branntomta i dag då dei besøkte Lærdal.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Flott at dei bry seg

Kongeparet møtte i dag redningsmenn, tilsette ved sjukehuset og elevar og lærarar ved skulen. Dei var også på branntomta for å sjå på skadane.

Trond Helgås Østerbø, sambuaren og den vesle sonen (1/2 år) tykkjer det er kjekt å få besøk i dag.

– Eg tykkjer det er flott at dei viser seg, sjølv om det er ein bismak med tanke på alle dei som mista alt dei har. Men det er kjekt at dei kjem innom og viser at dei bryr seg, seier han.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Spesielt å få kongeparet på besøk

Østerbø fortalde kongen og dronninga om korleis dei opplevde den dramatiske kvelden.

– Det var eit inferno og eg fortalde kva vi opplevde og såg. Kongen og dronninga helste også på sonen vårl. Kong Harald fortalde også at han er glad i Lærdal etter å ha vore her mange gonger før.

– Var det spesielt at kongen og dronninga har vore inne hos deg?

– Ja, eg kan ikkje leggje skjul på det.

– Korleis går livet vidare for deg som bur midt mellom brannruinar?

–Det er er trist å sjå nabolaget sitt slikt. Mange ungar har mista alt dei eigde, men vi får vere glade for at det ikkje gjekk liv tapt, seier han.

Lærdal

MØTTE FOLKET: Kongeparet tok seg tid til å snakke med fleire av innbyggjarane som var råka av storbrannen i Lærdal.