Hopp til innhold

Familie bygde nytt hus - no tar Telenor frå dei breibandet

BREMANGER (NRK): I juni flytta John-Magne Sande og familien inn i det nye huset sitt. No vil Telenor ta frå dei breibandet. Dette råkar no kundar over heile landet.

John-Magne Sande og Kjersti Straume studerer brevet dei fekk frå Telenor.

FORTVILA: John-Magne Sande og kona Kjersti Straume studerer brevet frå Telenor.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Det er jo fortvilande. Du har flytta inn i nytt hus for tre månader sidan, og valt å etablere deg ein stad, og så fjernar dei internett. Då er du litt hjelpelaus, seier John-Magne Sande.

To rotne stolpar fører til at Telenor kuttar breibandet til fem hus i Botnane. Det vil koste Telenor 50 000 kroner å bytte ut dei to rotne stolpane.

– Viss det er slik at ein ikkje skal kunne ha dei same moglegheitene og tilgangen på ting som andre har i meir sentrale strøk så må dei vere så ærlege å seie det då, og nekte folk å bygge seg hus slike plassar, meiner Sande.

John-Magne Sande med den rotne stolpen.

ROTEN: Stolpane blei sette opp på dugnad i 1953 av mellom anna bestefaren til John-Magne Sande.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Det gjer jo liva våre vanskelegare

Viss familien mister internett må Sande køyre til ein nabo kvar gong han vil logge seg på.

– Telenor tilbyr oss mobilt breiband, men alt går jo på data, så ein datapakke frå Telenor varer jo ein dag og så er det tomt, meiner Sande.

I tillegg meiner han mobilt breiband vil koste han tre gonger så mykje. No fryktar han at han må betale sjølv for å bytte ut dei rotne stolpane.

– Telenor ser ikkje på det som noko problem, dei bryr seg rett og slett ikkje, seier Sande.

Gamal teknologi må vike

Moderniseringsdirektør i Telenor, Arne Quist Christensen, seier at dei i år har sendt liknande beskjed til kring 600 kundar. Til neste år kan brevet dumpe ned i postkassen til ytterlegare 1000.

Christensen presiserer at dette gjeld tilfelle der det er, eller kjem, alternative løysingar.

– Når vi ser at det er stolpar som er dårlege, så gjer vi ei vurdering om vi bytter dei ut eller ikkje. Viss det er stader med svært få kundar, så tilbyr vi mobilt breiband i staden for, seier han.

Christensen kan ikkje garantere at ein overgang til mobilt breiband ikkje vil bli dyrare for John-Magne Sande, men meiner det finst moglege løysingar.

– På kort sikt meiner eg den beste løysinga er å sjå på mobilt breiband med ein ekstern ruter eller antenne.

Christensen ønsker å komme i dialog med John-Magne Sande om moglege løysingar.

– Eg tar gjerne ein dialog med kunden om mobilt breiband sånn at vi får til ei løysing både kunden i området her er nøgde med og som vi føler vi kan stå inne for.

Arne Quist Christensen

– På eitt eller anna tidspunkt så er det ein terskel for kor mykje vi kan forsvare å bruke på vedlikehald av eit nett som er på vikande front, seier Christensen.

Fryktar isolering

– Det er greitt at dei legg om til mobilt internett den dagen det går an å betale for det til ein normal sum med pengar, men dei byrjar jo i feil ende, seier John-Magne Sande.

Han jobbar i Nordsjøen, men hadde aldri trudd han skulle kjenne seg meir isolert heime i huset sitt.

– Eg får sjekke eposten dei to vekene eg er 60 mil ute på havet. Eg har jo betre nettilgang der enn på land, seier Sande.

John-Magne Sande står ved det nye huset og ser ut over Botnane.

FEMTE GENERASJON: John-Magne Sande er fødd og oppvaksen i Botnane, men fryktar han og familien no vil bli isolerte utan internett.

Foto: Synne Ulltang / NRK