Hopp til innhold

Skuleskyssen vart for farleg - no blir barnefamilien tvinga til å flytte

Thore Heggen og familien på sju kjenner seg tvinga til å flytte vekk frå Otterdalen. Fylkeskommunen nektar nemleg å frakte ungane deira i RIB-båten som sidan nyttår har vore nytta som skuleskyss.

Skuleskyss til Otterdal

FOR FARLEG: Skuleskyss med RIB-båten er for farleg, meiner Fylkeskommunen som no har sett ein stoppar for denne forma for båttransport av dei fem borna som bur i Otterdal.

Foto: NRK

Etter at uvêret Dagmar i romjula vaska vekk den einaste vegen inn til den vesle bygda Otterdal i Hornindal, har dei 13 innbyggjarane her måtte ta seg inn og ut av bygda med båt.

Ein såkalla RIB-båt har også fungert som skuleskyss for dei fem borna til Thore Heggen og Reidun Otterdal. Men no er det slutt.

– Vi fekk i dag beskjed om at denne båten ikkje lenger er godkjend som skuleskyss, så no må vi nok flytte, seier Heggen til NRK.no tysdag kveld.

Har følt seg trygge med båttransporten

I litt over to veker har innbyggjarane i Otterdalen vore utan veg. Nær to kilometer av vegen vart regelrett vaska vekk då uvêret slo inn over Vestlandet om kvelden første juledag.

Thore Heggen

OPPGITT: Thore Heggen seier heile situasjonen er uviss.

Foto: NRK

Om vegen skal byggjast opp att eller om den skal erstattast av tunnel er det ingen som veit enno. Begge deler vil koste mange millionar, og ingen av løysingane vil vere på plass med det første.

Båt på Hornindalsvatnet har vorte einaste transportmoglegheit inn og ut av bygda, og Heggen fortel av alle har vore godt nøgde med denne løysinga. Fire av ungane hans er i skulepliktig alder, medan sistemann går i barnehagen. Alle har dei blitt sende til skule og barnehage med båten.

– Vi har følt at dette har fungert bra og vi har sett tryggleiken i høgsetet. Vi har hatt både flytedressar og anna tryggleiksutstyr og det har i det heile ikkje vore noko problem, seier Heggen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Otterdal er vaska vekk

VEKK: Uvêret i romjula vaska rett og slett vekk nesten to kilometer av den einaste vegen inn til bygda.

Foto: Bjørn Lødemel

– Båten er ikkje trygg nok

Men etter at Fylkeskommunen og kommunen i dag har møttest for å diskutere situasjonen er ting snudd på hovudet. Fylkeskommunen meiner nemleg at bruk av den opne RIB-båten som skuleskyss ikkje er ei trygg og god nok løysing.

– Denne båten stettar ikkje krava til tryggleik, og difor kan vi ikkje bruke denne løysinga lenger, seier fylkesdirektør for samferdsle Velaug Veum til NRK.no.

I praksis betyr dette at Thore Heggen og resten av familien må pakke tinga sine og flytte frå Otterdal. Det er ikkje noko alternativ å ikkje ha ungane i skulen, og per no finst det ikkje noko alternativ løysing for båttransport på vatnet.

Det kan ta tid å få til ei anna løysing

– Det blir no jobba med å få til ei løysing for båttransport. Men slik det er i dag finst det ikkje noko brygge i Otterdalen, og dette må på plass før vi kan starte opp att ei båtrute, seier Veum.

Dei stiller også krav til at den nye båten som skal drive skuleskyss mellom anna må ha eit overbygg. Fylkeskommunen og kommunen jobbar no saman om å finne ei løysing.

– Det er umogleg å seie kor lang tid dette kan ta, men det går nok fort nokre veker, seier ordførar i Hornindal Anne Britt Øen Nygård til NRK.no.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Otterdal treng veg

Skal samfunnet bruke store summar på trygg veg til små grender, eller bør folket heller flyttast til meir sentrale strøk? I Otterdal i Hornindal krev 13 innbyggjarar ny sikker veg etter orkanen Dagmar. Prislappen er på over 200 millionar.

– Dei er problemorienterte

Heggen seier beskjeden om at ungane ikkje lenger frå reise med RIB-båten til skulen kom brått på. Båten vil framleis brukast til å frakte dei andre innbyggjarane i bygda til og frå, men til skuleskyss er den altså ikkje trygg nok.

– Vi opplever heile situasjonen som noko byråkratisk og problemorientert. Vi opplever det ikkje slik at dei prøver å løyse situasjonen, seier Heggen oppgitt.

Saman med kommunen prøvar dei no å finne ein stad der familien kan bu mellombels. Men det er ikkje berre-berre å flytte på rappen, fortel familiefaren.

– Vi er ein familie på sju, så kommunen kan ikkje berre flytte oss inn i ein kjellar, fortel han og legg til:

– No må vi berre prøve å sjå kva vi treng og ta med oss det vi kan.

– Heile situasjonen er veldig uviss

Familiefaren håpar dei kan få til ei løysing der dei bur i Otterdal i helgane, og i Hornindal i vekene. Men kor lenge dei kan halde på slik er han usikker på.

I det heile teke kjenner han at heile situasjonen er for uviss. Dei veit lite om kor tid vegen eventuelt blir sett i stand igjen, eller om den blir erstatta av ein tunnel forbi den rasfarlege strekninga. Dei veit også lite om kor tid det kjem på plass ein ny og godkjend skuleskyss over vatnet.

– Vi opplever ting som veldig uvisst. Det er eit tidsperspektiv på ting som ikkje har noko ende, seier Heggen.

Vil betale folk for å flytte

Midt oppi det heile må Thore Heggen og dei andre innbyggjarane i Otterdal også halde seg til debatten om korleis ein skal nytte vegmillionane.

Otterdalsstranda er rekna som svært rasfarleg, og Statens vegvesen har vegstrekninga høgt oppe på si liste over fylkesvegar som bør rassikrast. Men det vil koste over 200 millionar å erstatte den farlege vegstrekninga med ein tunnel.

Framstegspartiet ønskjer ein debatt om kva som er rett bruk av vegmillionane. Fylkesleiar Frank Willy Djuvik sa tysdag at han meiner ein bør sjå på alternativet med å betale folk for å flytte frå Otterdalen, i staden for å bruke så mykje pengar på så få innbyggjarar.