Den falske politifullmektigen jobba ved Fjordane politikammer frå 17. april til 11. juni i år. 30-åringen, som er son av ein lensmann i Fjordane, vart tilsett gjennom Aetat sitt jobbtreningsopplegg. Mannen fekk dermed økonomisk støtte til å kome seg inn i arbeidslivet.
I løpet av den perioden 30-åringen var tilsett som politijurist skreiv han ut 41 førelegg, tok ut to siktingar og var anklagar i tre straffesaker. Juridisk embetseksamen er eit minstekrav for å kunne dømme andre, og leiaren i advokatforeninga meiner difor dette har gått ut over rettstryggleiken til dei som er anklaga i desse sakene:
30-åringen har erkjent dei faktiske forholda, men ikkje straffeskuld. Advokaten hans, Harald Stabell, seier han tek det som har skjedd svært tungt.
Også leiinga ved Fjordane politikammer blir etterforska av SEFO, Politiets Særskilde Etterforskingsorgan.