Hopp til innhold

Falsk og farleg Viagra i omlaup

Ein av to potenspillar som blir teken på Vestlandet kan vere falske.

Falsk viagra

Denne tabletten er falsk. - Det står ikkje Pfizer på, og heller ikkje styrken, fortel kommunikasjonssjef Hans Petter Strifeldt i Pfizer.

Bruken av potenslegemidlar på Vestlandet aukar jamt og trutt. Det gjer også flaumen av falske og farlege kopipreparat.

- Menn gamblar med helsa når dei kjøper illegale Viagra-tablettar på nett, eller via postordre, seier kommunikasjonssjef Hans Petter Strifeldt i Pfizer.

Toppen av isfjellet

Tollvesenet har sidan 2008 beslaglagt nær 2 000 falske Viagra-tablettar gjennom kontroll av postgangen. I tillegg kjem også forfalskingar av andre typar potenstablettar. På grunn av auka bruk på Vestlandet, blir vestlendingane åtvara mot falske tablettar.

- Tala for Tollvesenet er nok diverre berre toppen av isfjellet for kva som er tilfelle for både Vestlandet og for Norge generelt, seier Strifeldt.

Viagra for 70 mill.

Siste åra er det blitt handla Viagra for kring 70 millionar kroner på norske apotek. Tollvesenet har tidlegare sagt at dei berre klarer å stogge om lag fem prosent av tablettane som kjem til landet gjennom posten. I tillegg kjem tablettane som kjem over landegrensene på andre måtar.

- Åtvaringa gjeld kjøp over internett. Sjølvsagt er det også seriøse nettapotek, men bestiller ein utanfor EU, som i stor grad er frå Asia, så kan det vere farleg. Beslaga gjort av tollvesenet er frå Asia, og utan unntak falske legemidlar, seier Strifeldt.

Amfetamin og lim

Potensproblem er for mange eit vanskeleg tema å ta opp. Istaden for å gå til fastlegen og få resept, er det meir anonymt og privat å bestille potensmiddel over internett.

- Men då gamblar ein med helsa. Er ein heldig, er dei falske pillane utan verknad. I verste fall er dei svært helseskadelege. Gjennom analyser har ein mellom anna funne amfetamin, bonevoks og blyhaldig lim, seier Strifeldt.

Stogga 509 tablettar

Falsk viagra

- Denne forfalskinga var heilt umogleg å oppdage, før vi hadde fått analysert innhaldet i tabletten. Den inneheldt 'ingenting', seier Strifeldt.

Austlandet er den regionen med størst beslag av falske tablettar. Av dei 1 000 tablettane stogga i postgang på Austlandet sidan i fjor, er det største enkeltbeslaget gjort i Brummunddal . Her fann tollvesenet 509 tablettar.

På Vestlandet er det mellom anna stogga postsendingar til Laksevåg og Sandnes.

Større enn heroin

Medan forbrukarane finn det flaut å ta opp impotens med fastlegen sin, tener produsentane bak falske legemiddel grovt med pengar.

"Businessen" byr på liten risiko, men berekningar viser at omsetnad av falske legemiddel er meir lønnsamt enn heroinhandel.