Harald Stabell
Forsvarar Harald Stabell meiner klienten burde vore dømd til samfunnsteneste og har fått støtte for dette av ein av meddommarane. Dommen vart anka på staden.
I over ti år følte 31 åringen jusstudiane ved juridisk fakultet i Bergen. Men han fekk aldri ta ein einaste eksamen, fordi han mangla studiekompetanse frå vidaregåande skule. Denne løgna heldt han skjult både for sin næraste familie og omgangskrins. Faren, som er lensmann i Nordfjord, skaffa han også jobb som jurist ved Fjordane Politikammer.
I retten fortalde 31-åringen at det var press frå lensmannfaren som gjorde at han begynte å studere juss, med dette meiner Sunnfjord Tingrett berre var gjort i beste meining. Sunnmøringen fortalde vidare at han var innstilt på å gjere slutt på livet den dagen avsløringa kom, og han er no under psykiatrisk behandling. Stabel meiner difor fengselsstraff kan vere skadeleg for klienten hans
I tillegg må domfelte tilbakebetale i overkant av 800.000 kroner som han urettmessig fekk utbetalt frå Aetat i støtte til jusstudiane sine.