Kan ikkje stadfeste om mann døydde av fallulukke

Først når den førebelse obduksjonsrapporten er klar, kan politiet seie meir om omstenda kring mannen som onsdag vart funnen død på øya Hovden utanfor Florø.

Det seier tenestestadsleiar for politiet i Flora, Wenke Hope.

Mannen i 60-åra var på jakt då han vart funnen av nokre forbipasserande.

Det vart først opplyst at mannen døydde som følgje av ei fallulukke, men det er førebels ingenting som tyder på at han vart utsett for ei ulukke eller ei kriminell handling.

Ein obduksjon vil kunne stadfeste om dødsfallet har ei medisinsk årsak.

Saka blir etterforska av Sunnfjord lensmannsdistrikt. Mannen skal obduserast.

– Det er ikkje ei arbeidsulukke. Personen har omkomme under ein fritidsaktivitet, seier operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker.

Politiet fekk melding om fallulukka rundt klokka 14.58 på onsdag.

Lege var på staden rundt klokka 15.25, og det vart sett i verk livreddande tiltak, men personen vart etter kvart erklært død.

Pårørande er varsla om dødsfallet, opplyser politiet.