Hopp til innhold

Fall utfor altan

Ein mann av utanlandsk opphav vart måndag morgon sendt til Førde sentralsjukehus etter eit arbeidsuhell i Sogndal. Mannen fall 2 til 2,5 meter utfor ein altan. Politiet melder om mogleg brot i ein fot. Arbeidstilsynet og lokalt politi er varsla om uhellet.