Ulukka skjedde natt til sundag ved serveringsstaden Kake-Bua i Florø, og florø-mannen vart sendt til Haukeland universitetssykehus med alvorlege skader.
Vitne såg fallet
Ved halv to-tida natt til søndag fekk politiet melding om hendinga. Eit vitne har fortalt at mannen var på veg opp trappa til uteserveringa som ligg der. Politiet har ikkje kjennskap til om mannen var rusa då ulukka skjedde. Men dei etterforskar dødsfallet, og ser særskilt på om trappa var godt nok sikra.
Ikkje kriminelt
Politiet er rimeleg sikre på at det ikkje ligg noko kriminelt bak fall-ulukka, men i løpet av dagen fortset etterforskinga og avhøyr av vitne.