NRK Meny
Normal

Svak krone skaper optimisme, men også usikkerheit

Svekka kronekurs er positiv for turistnæringa. Men ikkje alle jublar over utviklinga.

Briksdalsbreen

TURISTANE I EIGE LAND: Det blir dyrare for nordmenn med ferie i utlandet, kanskje vil fleire velje å feriere i Norge.

Foto: NRK

– Konsekvensane blir at kundane må betale meir for varene. Det seier Oddbjørg Bø Muri i Skogstad.

Kleprodusenten frå Innvik kjøper inn i dollar, men set norske kroner på prislappen. Kva som endar opp på prislappen neste år er høgst usikkert.

Fall i kronekurs

– Vi prøvar stelle oss til dei som jobbar med valuta, men elles får ein tvitydige svar. Så det er ingen som veit. Det er veldig stor uvisse. Vi er i alle fall avventande, seier Muri.

I juli måtte kosta 1 dollar 5,99 kroner. I går var prisen 7,49. Godt nytt for eksportørar – av laks til dømes. Men Øyvind Kråkås i Salmon Group, eit nettverk av oppdrettsselskap, slepp likevel ikkje jubelen laus.

– Stabilitet er alltid eit nøkkelord når snakkar om handel.

Og no er økonomien alt anna enn stabil. Kråkås ser til Russland og rubelen som nær kollapsa tidlegare i veka.

Dyrt å reise ut

– Dei som no har selt laks til Russland, Færøyane og Chile vil merke at marknaden tørkar ut. Då vil vi igjen møte desse leverandørane i dei marknadane som vi no har bygt oss opp. Dermed blir det ein tøffare konkurranse.

Turistnæringa har no auka marknadsføringa for å få mest mogleg ut av kronefallet, seier leiar av reisemål Stryn og Nordfjord Marita Lindvik. Ho merkar auka pågang frå turoperatørane.

– Det blir billigare for utlendingane å feriere i Norge. Samstundes blir det dyrare for nordmenn å reise ut, så det vil gje ein dobbelt positiv effekt for reiselivet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.