Hopp til innhold

Fall fem meter ned frå eit tak

Ein mann i 30-åra er send til Førde Sentralsjukehus etter å ha falle ned frå eit tak i Deknepollen i Vågsøy.

Deknepollen

Politiet fekk melding om uhellet litt før klokka ni. Operasjonsleiar Ole Tom Nord i Vest politidistrikt seier at mannen fall ned frå mønet på eit bustadhus.

– Etter det vi får opplyst har han falle fem meter. Det var ein kar som var innleigd til å gjere arbeid på taket.

Mannen vart send med ambulansebil. Nord seier at dei ikkje veit om luftambulansen blir sett inn for å møte ambulansen.

– Det vi veit om skadeomfanget er at mannen har knekt handleddet.