NRK Meny
Normal

62-åring fall 50 meter ned i elv - sendt til sjukehus

Ein 62 år gamal mann får intensiv behandling for moderate skader etter at han fall 50 meter ned i ei elv ved Tynningestølen i Gulen.

Laster kart, vennligst vent...

TYNNINGSTØLEN: Ein mann skal ha falle ned ein bratt skråning ved Tynningestølen i Gulen.

Mannen var i fjellet saman med kona si, ein kamerat og broren av kameraten, då han på ukjent vis ramla og fall ned ein kring 50 meter bratt skråning.

Ferda enda i Tynningestølselva mellom Yndesdalen og Wergeland. Politiet i Hordaland fekk melding om uhellet klokka 1636. Han vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

– Mannen var heile tida ved medvit, men hadde smerter i bryst og fekk ei stor flenge i hovudet som han blødde frå, seier operasjonsleiar Morten Kronen ved Hordaland politidistrikt.

Mannen, som er busett i området, vart hjelp ut av elva og det var folk med han til naudetatane kom. Staden der mannen fall i elva er tre-fire kilometer frå næraste hovudveg.

Det er svært ulendt terreng, så den 62 år gamle mannen måtte løftast ut med luftambulansen. Etter ein sjekk i ambulansen vart mannen sendt til Førde sentralsjukehus like over klokka 18.

– Det er liten vegetasjon og eit område med stort sett stein og fjell. Terrenget er veldig bratt og ulendt. Fjellet heiter som sådan Brattefjellet, seier Kronen.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser klokka 20 at mannen er moderat skadd, og får behandling ved intensiv avdeling.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.