Fakkeltoget starta på parkeringsplassen til Vågsøy Ungdomsskule.
Gymnastikkbygget i bakgrunnen skal ikkje fornyast i fyrste omgang.
Fakkeltoget på veg frå skulen og ned mot sentrum.
Godt oppmøte i ein nydeleg haustkveld i Måløy.
Engasjerte ungdomsskuleelevar trur ikkje dei får oppleve å vere elevar ved nyeskulen, men håpar den kjem så raskt som mogleg.
I alt 500 menneske gjekk i tog.
Både vaksne og born deltok i fakkeltoget.
Initiativtakarar til fakkeltoget.
Bianca Hjelle i fakkeltog
Ole Andreas Førde Kupen og Rikke Otneim ved Vågsøy ungdomsskule tok eit engasjert oppgjer med det dei meiner er manglande handlekraft for ny ungdomsskule.
Ordførar Kristin Maurstad frå Ap lytta nøye til appellane, men er trygg på at politikarane har gjort rett i å utsette saka. Ho har tidlegare lova avgjerd om ny skule før jul.
Geir Oldeide frå Raudt støttar at saka har blitt utsett. Han meiner det er kritikkverdig at det ikkje er framlagt konkrete tilbod på rehabilitering for politikarane.
Tidlegare ordførar Morten Hagen frå Høgre vil ha saka realitetshandsama under kommnestyremøtet i morgon, men vil truleg bli nedstemt.