Hopp til innhold

Fagforbundet fryktar for jobbane med nye kutt

Fagforbundet vil gjere alt dei kan for å hjelpe sine rundt 170 medlemmer som er tilsett kommunalt i Lærdal. Jan Steinar Hole i forbundet trur fleire fryktar for jobbane sine.

Lærdal

10–15 millionar: Lærdal kommune må kutte 10 millionar på kort sikt, 15 millionar dei komande fire åra. Det kan bety oppseiingar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Med så store kutt risikerer me ein ny runde med oppseiingar. Me må berre prøve å avgrense det så godt som mogleg, seier Hole.

Han er fortvila over nyheitene frå fredag om at kommunen må spare minst ti millionar dei komande åra.

– Det er forferdeleg tungt. No har vi teke ein runde, og trudde det hadde kome på eit nivå der vi kunne ha drive vidare, og så får vi dette midt i fleisen i tillegg. Det er ikkje kjekt i det heile teke, seier Hole.

Kutt i skule og eldreomsorg

Det var torsdag rådmann Alf Olsen jr. informerte dei tilsette i kommunen. Til trass for at 19 årsverk er kutta dei siste tre åra, må kommunen gjennom nye tøffe kutt dei komande åra. 10 millionar på kort sikt, 15 millionar dei neste fire åra.

Lågare inntekter frå eigedomsskatt og sal av kraft, og inga betring i sikte, gjer at tøffe val må takast dei komande åra. Det kan går ut over både skule og omsorg.

Alf Olsen jr. er rådmann i Lærdal

RÅDMANN: Alf Olsen jr.

Foto: Kamilla Follevåg

– Vi kan ikkje halde fram med ostehøvelprinsippet. Vi må gjere noko med dei overordna strukturane, vi må gå der dei store pengane finst. Det er primært innan oppvekst, pleie og omsorg og helse, sa Olsen torsdag.

– Vi skal kjempe for medlemmane

Utdanningsforbundet har allereie uttrykt stor uro for kvaliteten i skulane og barnehagane med dei kutta kommunen no står føre.

Fagforbundet og Jan Steinar Hole er også svært uroa for konsekvensane for sine medlemmar.

– Vi skal ta vare på dei og kjempe for dei, og sørge for at dei får den informasjonen dei treng. Vi må følgje med på kva som skjer, og oppfordrar alle medlemmar som har gode idear om å kome med dei. Vi må prøve å snu på alle steinar og sjå kor mykje vi klarar å redde, seier han.