- Utan basen i Florø blir det eit hol i beredskapen, seier Tor Eivind Moss, som er tillitsvald for dei tilsette ved hovudredningssentralen på Sola.
Også dei tilsette ved hovudredningssentralen i Bodø støttar kravet. Der med meiner alle dei fremste fagfolka i landet innan redningsarbeid at ein redninshelikopter-base i Florø er viktig for bedredskapen på nordvestlandet.
Den siste tida er det skapt uvisse kring basen i Florø. Forsvaret prøver nemleg å overbevise regjeringa om at den planlagde basen er unødvendig viss dei får kjøpe nye helikopter.
Brev til justisministeren
Også NHO i Møre og Romsdal og NHO i Sogn og Fjordane kastar seg saman inn i kampen om redningsbasen i Florø.
Dei meiner saka ikkje berre handlar om tryggleiken til folket på Nordvestlandet, men også om truverdet til politikarane.
I eit brev oppmodar dei to fylkeslaga justisminister Knut Storberget om å oppretthalde og gjennomføre det fatta vedtaket som Stortinget har gjort om etableringa i Florø.