– Mindre stader har rett og slett ikkje nok telefontrafikk til at utbygging er lønsamt, seier Amundsen til NRK Sogn og Fjordane. Det betyr at mange i Sogn og Fjordane truleg ventar forgjeves på mobildekning.
Taper kunder
Eit av område med dårleg dekning, er Eldalsdalen i Gaular. Geir Magnus Følling driv verkstad for reparasjon av landbruksmaskiner heime på garden i Eldalsdalen. Han taper kundar på den dårlege dekninga.
- Kundar seier dei har ringt meg heile dagen utan å få svar, seier Følling, som må passe garden i tillegg til arbeidet i verkstaden.
Følling har i lengre tid kjempa for å få mobildekning i heimbygda si og også Gaular kommune har engasjert seg i saka.
Ordførar Jenny Følling har sendt brev til Telenor der Eldalsdalen er høgast oppe på lista over stader der ein ynskjer mobildekning.
Vil ikkje ha politisk press
Dekningsdirektøren i Telenor seier at politisk press ikkje er vegen å gå, men at ein ser på kundegrunnlag og lønsemd i kvar enkelt sak.
- Tidlegare kravde vi at det skulle vere 200 personar i eit område før vi ville sette opp ein GSM-omformar. No nærmar denne grensa seg 100, men då må det vera spesielle tilhøve i tillegg, seier Amundsen.
Gir ikkje opp
Men Geir Magnus Følling har likevel ikkje gjeve opp kampen. Han meiner dei meir enn 70 personane i Eldalsdalen har like stor rett til mobildekning som resten av Noreg.