Hopp til innhold

Færre, men framleis mange, trassar fareskilta her

JOSTEDALEN (NRK): Fleire turistar respekterer fareskilta ved Nigardsbreen enn før dødsulukka i 2014. Då omkom eit tysk ektepar som stod heilt oppunder brefronten medan breen kalva.

Turistar ved Nigardsbreen

HIT, MEN IKKJE LENGER: Slik skal det gjerast.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ulukka resulterte i fleire skilt og tydelege kjettingar for å åtvare om faren ved å gå nær breen.

– No er det ingen som kryssar utan å vita om farane, seier Inger Moe som er naturforvaltar i Luster kommune.

Men sjølv om fleire respekterer skilta, er det turistar som trassar dei og går heilt opp til brefronten. Heller ikkje i dag var noko unntak.

– Då eg kom opp hit, stod det ei gruppe på 10-12 turistar borte ved brefronten. Ein av dei hadde til og med tatt borti ei isblokk, fortel Moe.

Nye skilt - færre kryssar

Inger Moe

PASSAR PÅ: Inger Moe, naturforvaltar i Luster kommune, er ein av dei som passar på fareskilta og sperringane ved Nigardsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho er ein del av tilsynsgruppa som passar på at fareskilta og sperringane ved Nigardsbreen i Jostedalen står der dei skal stå i forhold til breen. Tilsynssamarbeidet mellom Statens naturoppsyn (SNO), Luster kommune, politiet, Jostedalen breførarlag og Brevegen AS såg dagens lys etter dødsulukka i 2014.

– Me ser det er fleire som respekterer skilta no, og det er kjempebra. Men det er framleis utruleg mange som tykkjer det er litt for freistande å nett stikka bort til breen ein liten tur.

Turistar ved Nigardsbreen.

SLIK SKAL DET IKKJE GJERAST: Her fann turistane ut at det var fint å eta matpakken sin.

Foto: Sigurd Nordeide Felde

Før 2015-sesongen sette dei opp nye skilt og tydelegare sperreband ved brefronten. Nesten dagleg er ein person oppe for å sjå til at skilta og sperringane står der dei skal og flyttar dei om det er naudsynt, og fortel turistar som freistar å kryssa om livsfaren dei utset seg for.

– Det er jo ikkje noko forbod mot å ferdast i utmark. Me kan jo ha fleire skilt og meir informasjon, men me har jo ikkje lyst til at det skal vera skilting over alt heller, seier Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn.

Anne Rudsengen

PASSAR PÅ: Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho er også i tilsynsgruppa, og fortel at mange ikkje forstår kor farleg det er.

– Kanskje har dei sett lenge på breen, og sett at den er heilt roleg. Sjølv om dei har lest at det kan detta ned is, så trur dei ikkje at det kan skje akkurat når dei er borte ved breen.

– Det er klart at hadde det vore meir ressursar, så skulle me kanskje hatt folk som var der kvar dag, som ei vaktordning av eit eller anna slag. Men det er jo eit ressursspørsmål, og kven som skal ta den rekninga veit eg ikkje.

Øyremerka midlar

Luster kommune har blant anna fått 100.000 kroner av Miljødirektoratet for å auka tryggleiken og informasjonen i breområdet.

– Me brukar mykje ressursar. Ei målsetning er at ingen skal kryssa sperringane utan å vita om farane, og det trur eg me langt på veg har nådd no, seier Moe.