Hopp til innhold

Færre tilsette i oppdrett

Det blir stadig færre tilsette innan fiskeoppdrett, trass i svært gode tider for næringa.

Tilsett i fiskeoppdrett
Foto: NRK

I Sogn og Fjordane er det no berre 144 tilsette innan oppdrett av laks og aure.

Nestleiar i Senterpartiet, Lars Peder Brekk, seier dette er tankevekkjande.

Oppdrett skulle vere berginga

Draumen i distrikts-Noreg har vore at oppdrettsnæringa skulle vere med å redde distrikta gjennom å skape vekst og titusenvis av arbeidsplassar. Men tal frå Fiskeridirektoratet viser at sysselsettinga går stadig nedover. På landsbasis var det 4100 tilsette i 2005,  dette er 150 færre enn i 2004. Dette skjer trass i at 2005 var eit godt år for næringa med god lønsemd. Og trenden har vore stabilt negativ sidan 2001.

- Politikarane har litt av skulda

Trenden i næringa har vore at store selskap, med hovudkontor i dei store byane, som Pan Fish, kontrollerer stadig meir av næringa. Difor meiner Brekk at politikarane må ta sin del av skulda for at arbeidsplassane forsvinn

- Positiv utvikling

Men styreleiar i Fiskeri og Havbruksnæringas Landsforening, Sveinung Sandvik, seier dette er ei positiv utvikling, for det viser at næringa blir meir effektiv.

I Sogn og Fjordane var det i 2004 berre 154 tilsette i havbruk her i fylket. I fjor gjekk dette ned til 144 tilsette.

Langt fleire totalt

Men dette er berre dei som er tilsette i oppdrettsanlegga. Den totale sysselsettinga i havbruk er ein del større. Berre i Flora er det 260 arbeidsplassar når ein reknar med fiskeforfabrikken Ewos, eksportfirma, slakteri, røykeri og eit IT-firma som har spesialisert seg på løysingar for oppdrettsnæringa.