Vikarmangel råkar ferieavviklinga i helse-Noreg

NORDFJORDEID (NRK): Mangelen på sjukepleiarvikarar er no så stor at det får følgjer for ferieavviklinga mange stader i landet.

Svenske Ewa Putrus er vikar på Nordfjord sjukehus

SJUKEPLEIAR: Svenske Ewa Putrus er vikar på Nordfjord sjukehus. Ho har arbeidd som sjukepleiar i Sverige i 24 år. Det var ein svensk lege på sjukehuset som spurde om Putrus ville jobbe eit par veker som vikar i Noreg.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Fleire bemanningsbyrå seier dei ikkje klarar å fylle behovet for sjukepleiarar, spesielt etter ein stor nedgang i svensk arbeidsinnvandring.

– For å løyse feriar har vi måtta hente inn sjukepleiarvikarar frå vikarbyrå. No klarar dei ikkje å dekkje behovet vårt, seier HR-direktør Arne Skjelten i Helse Førde.

Også helseføretaket Vestre Viken merkar problemet. Dei har spesielt problem med å skaffe sjukepleiarar til spesialavdelingar ved sjukehusa.

– Det fører til at vi må bruke mykje tid på å planlegge feriar, seier Kari Jussie Lønning, direktør for kompetanse i Vestre Viken.

Ein har nytt godt av at vilkåra til sjukepleiarar har vore betre i Noreg enn i Sverige. Helsevesenet i Noreg har nærast gjort seg avhengig av skandinaviske vikarar. Det skapar trøbbel no.

Får konsekvensar

Helseføretaka byrjar tidleg med planlegging av feriane. For sjukepleiarane som er fast tilsette kan det føre til kortare ferie, meir overtid og at dei ikkje alltid vil få ferie når dei ønskjer.

– I vårt tilfelle har vi måtta slå saman eller stenge ned avdelingar i ferien på grunn av mangel på vikarar, seier Arne Skjelten.

På Nordfjord sjukehus er ikkje alle sjukepleiarane nøgde med ferieordninga. Hilde Manseth Bjørhovde som er seksjonsleiar ved medisinsk seksjon, seier den stadig er oppe til diskusjon.

– For å sikre ei forsvarleg drift må me gjere det slik. Det er viktig for pasientane at vi har kjende folk som arbeider her, seier Bjørhovde.

Stor mangel over heile landet

Grafen viser at arbeidsinnvandring frå Skandinavia har gått drastisk ned. Ifølgje NHO arbeider dei fleste frå Skandinavia innanfor helsesektoren. Som grafen viser, såg ein dette allereie i 2014.

Laster Highcharts-innhold

Adecco, som tilbyr vikarar til helseføretak over heile landet, bekreftar problemet.

– Alle i bemanningsbransjen har problem med å finne nok sjukepleiarar. I ein periode brukte vi svenske sjukepleiarvikarar, og det naut vi godt av. Samstundes har ikkje dette kome som noko sjokk på oss, seier Ketil Kjeldsberg i Adecco.

Han fortel at arbeidsvilkår og løn har betra seg i Sverige. Då er det ikkje like attraktivt å kome til Noreg lenger.

Dei som vel å kome til Noreg for å arbeide no gjer det heller for opplevinga, seier Kjeldsberg.

Betra forhold i Sverige

Ewa Putrus er sjukepleiar og kjem frå Sverige. Ho er no på eit vikaropphald på Nordfjordeid sjukehus, men har sjølv arbeidd som sjukepleiar i Sverige i 24 år.

– Det er stor mangel på sjukepleiarar i Sverige også. Etter at mange sjukepleiarar reiste til Noreg for å arbeide, måtte svenske myndigheiter ta grep. Dei har blant anna forhandla fram betre løn, samt gitt betre vilkår for etterutdanning av sjukepleiarar, seier Putrus.