Hopp til innhold

148 færre søkjarar vidaregåande opplæring

4699 har søkt vidaregåande opplæring i skule og bedrift for skuleåret 2014–2015. Det er 148 færre enn i fjor.

Luster vidaregåande, Stryn vidaregåande og Høyanger vidaregåande

HAR TILPASSA SEG: Primærsøkjartala syner ta dei unge har teke til seg signala frå både næringsliv og arbeidsliv, samt kva tilbod den einskilde skule har, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Foto: Montasje: NRK

4207 har søkt skule og 492 har søkt opplæring i bedrift, syner oversikta over førsteønska til søkjarane.

– Då søknadsfristen gjekk ut, ser vi at søkjarane fordeler seg veldig godt på det tilbodet som Sogn og Fjordane har lyst ut. Men vi ser at vi har nokon færre søkjarar i høve til opplæring i skule og ein auke i opplæring i bedrift, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Sogn og Fjordane har 4462 elevplassar i vidaregåande skule og 797 læreplassar i bedrift. Det er 492 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift, noko som er 52 fleire enn i fjor.

Det er i alt søkjarar til 60 ulike lærefag. Når det gjeld søkjarar til opplæring i bedrift, er det auka søking til tømrarfaget, helsearbeidarfaget, energimontørfaget og bilfaget, lette og tunge køyretøy. Det er nedgang i søkinga til elektrikarfaget, dataelektronikarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

90 færre søkjarar til første året

Totalt sett er det ein nedgang i søkjartalet til vidaregåande skular i fylket.

– Vi har ein nedgang i elevtalet, og vi har om lag 90 færre søkjarar i år til første året i vidaregåande skule, seier Skaasheim.

I tillegg syner tala at fleire har valt studiespesialisering, samt at det er ein nedgang i søkjarar til bygg- og anleggsfaga og teknikk og industriell produksjon.

– Vi ser også at færre søkjer medium og kommunikasjon, seier Skaasheim.

– Kan det ha noko med den nye skulestrukturen å gjere?

– Ja, det er jo slik at når ungdom søkjer på vidaregåande opplæring, så søkjer dei tre ulike utdanningsprogram, og så har dei rett på eitt av dei tilboda, seier Skaasheim.

4207 søkjarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring til skule, noko som er 200 færre enn i 2013. Det er 91 færre søkjarar til vidaregåande trinn 1, 131 færre til vidaregåande trinn 2, og 18 fleire til vidaregåande trinn 3.

Har tilpassa seg signala

Ho legg til at når ein ser på primærsøkjartala, så seier dei noko om at ungdommen har tilpassa seg den nye skulestrukturen godt.

– Eg ser at og registrerer at ungdommen i sitt søkjarmønster fort tek dei signal som er i arbeids- og næringsliv, og kva som vert tilbydd ved den einskilde skule, seier Skaasheim.

Bekka Skaasheim

FØRBELS: Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, understrekar at tala kan endre seg noko når andre- og tredjeønskje sler inn.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Men retten til vidaregåande opplæring er ikkje knytt til ein spesiell skule, men til eit utdanningsprogram.

– Men vi veit at plassering av tilbodet spelar inn på kor ungdom søkjer, seier Skaasheim, og legg til at mange ofte søkjer nær heimstaden.

– Men på noverande tidspunkt ser vi ikkje tydelege utslag på søkjartala etter at skuletilbodet vart lagt om, seier Skaasheim.

Vg3 er om lag som i fjor

På vg1 er det auke i søkinga til studiespesialisering, medan det er nedgang i søkinga til medium og kommunikasjon, design og handverk, idrettsfag, musikk, dans og drama, bygg- og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon.

Til vg2 er det nedgang til søkinga til studiespesialisering og teknikk og industriell produksjon som resultat av nedgang i søkinga til utdanningsprogramma på vg1 skuleåret 2013/2014.

Til service og samferdsel, elektrofag og bygg- og anleggsteknikk er det auke i søkinga til vg2.

Til vg3 påbygging til generell studiekompetanse er søkinga om lag som i fjor.

Talet søkjarar stemmer godt med talet på plassar

Skaasheim legg til at der tilbod som før har vore fleire stadar, no er samla som eit fylkestilbod, er det høgst sannsynleg eit utslag også i søkjartala.

– Tilsvarande også når tilbod vert flytta frå eitt område til eitt anna, seier Skaasheim.

Ho tykkjer det er vanskeleg å trekkje fram eit tilbod som er meir populært enn noko anna.

– Vi har ein dreiing mot studiespesialiserande tilbod, samt at ein innanfor fleire av yrkesfaga ser at det er færre søkjarar, seier Skaasheim.

Midt under heitaste debatten om skulestruktur, var fleire kommunar på bana for å mobilisere.

– Syner dette att på årets søkjartal?

– Generelt ser vi at det er god oppfylling og ganske godt treff i høve til plassar, og søkjarar på skulane i høve det tilbodet som er der, seier Skaasheim.

Kan få utfordringar

Ho understrekar at det arbeidet som no tek til, er å tilpasse tilbodet ved den einskilde skule til dei søkjartala som no ligg føre.

Fylkestinget har vedteke at det skal vere åtte søkjarar innan yrkesfag og 20 innanfor studieførebuande som eit minimum for å starte opp ei klasse.

– Ut ifrå søkjartala, ser vi at vi kan få nokre utfordringar med tanke på å ta vare på tilbod. Men dei tala som ligg føre no, er berre elevane sitt førsteønskje. Både andre- og tredjeønskje slår inn for å fylle opp dei ulike tilboda, seier Skaasheim.

– Vi ser heller ikkje no i kva grad vi reduserer talet på dei som får oppfylt sitt første ønskje. Det er det for tidleg å seie, seier Skaasheim.

Ho kan dermed ikkje seie noko om kva programtilbod som står i fare for å ikkje bli starta opp.

– Ein kan ikkje einsidig sjå på primærsøkjartala, seier Skaasheim.

Nedgang for frisørlinja

Rektor ved Høyanger vidaregåande skule, Torill Thorbjørnsen, er godt nøgd med primærsøkjartala.

– Det ser bra ut. Vi har 133 primærsøkjarar til 162 plassar, så det var vel som vi venta. Det er frisørlinja som det er litt dårleg søknad til, seier Thorbjørnsen.

Ho legg til at det er i tråd med trenden ein har sett for frisørlinja dei siste åra.

– Dei som vil bli frisørar, vel ofte private skular. Desse tala her er søkjarar med ungdomsrett, så det kan vere søkjarar med fullføringsrett der ute, utan ungdomsrett. Det er viktig å hugse at dette er mellombelse tal, seier Thorbjørnsen.

Ho understrekar at det stort sett alltid blir endringar når ein kjem så langt som til inntak.

– Det er god søknad til studiespesialisering og det er veldig bra, seier Thorbjørnsen.

Ho trur skulen får sett i gang alle dei tilboda dei har.

– Det er viktig. No får vi berre halde trykket oppe, seier Thorbjørnsen.